Kalla inn til nye avhøyr om dødsbrann i 2008

Politiet har ikkje gitt opp håpet om ei oppklaring av brannen som kravde fire unge menneskeliv i Herøy i 2008.

Ukjend brannårsak Kripos hjelpte Sunnmøre politidistrikt med tekniske undersøkingar av dødsbrannen i den første etterforskinga. No har Kripos òg teke avhøyr av fleire nye personar for å finne svaret på årsaka til at brannen starta.   Foto: Staale Wattø

Dette er saka
  • Fire unge menneske omkom i ein brann i eit bustadhus i Flusund i Herøy søndag 14. desember 2008.
  • Då saka vart lagt vekk i 2009 opplyste politiet at etterforskninga ikkje ga grunnlag for å rette mistanke mot nokon for å ha forårsaka brannen.
  • Etter at dei pårørande lenge kjempa for å få saka tatt opp att, opna Sunnmøre politidistrikt for ny etterforsking i mai 2014.
  • Saka vart lagt vekk for andre gong i januar 2015, utan at politiet løyste saka. Dei etterlatne fryktar at dødsbrannen var påsett.
Søre

Omfattande etterforsking har gitt nye opplysningar om brannen som oppstod i eit bustadhus i Flusund tidleg om morgonen 14. desember 2008.

  • Meiner politiet har brote løfta dei gav til pårørande - les papirutgåva av Sunnmørsposten onsdag eller eavisa her

Regionlensmann Guttorm Hagen på Søre Sunnmøre har teke over ansvaret for etterforskinga av Herøybrannen, etter at Robert Hjelmeseth starta i ny jobb som leiar av politiets sin etterforskingsavdeling i Ålesund.

– Vi har nokre avsluttande avhøyr som vert gjennomført i desse dagar, seier Hagen.

Følg smp.no på Facebook

Truleg ferdig neste månad

Dette er personar som tidlegare har vore inne til avhøyr, som politiet no vil snakke med igjen. Hagen kan sjølvsagt ikkje sjå vekk i frå at det kan dukke opp nye opplysningar her, som vil krevje meir arbeid.


Har ikkje funne årsaka til dødsbrann

Eitt års etterforsking av brannen, som kravde fire unge menneskeliv i Herøy i 2008, har ikkje gitt svar på korleis brannen starta.

Det har vore uttalt fleire gonger tidlegare at politiet nærmar seg ein avslutning, men saka har trekt ut i tid.

Lensmannen trur likevel at politiet vil avslutte arbeidet i oktober. Då er det planlagt å ha eit møte med Kripos, som har stått for mykje av både avhøyr og tekniske undersøkingar denne gongen.

Fleire nye opplysningar

Neste månad er det óg planlagd eit møte med dei pårørande og deira bistandsadvokat.

Eit betydeleg arbeid er lagt ned i etterforskinga og pårørande fekk i sommar sjå gjennom materialet som bestod av 250–300 nye dokumentsider. Det har komen fleire nye opplysningar både av teknisk art og i avhøyr.

Smp.no skreiv i sommar at etterforskinga til då ikkje hadde avdekka ein klar brannårsak. Lensmann Hagen ønskjer ikkje å kommentere innhaldet i etterforskinga.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Nye analyser

Politiet har i løpet av etterforskinga snakka med fleire personar som ikkje tidlegare har vore avhøyrt, mellom anna ambulansefolk og brannmannskap.


Ny etterforsking av Herøy-brannen

Brannen i Herøy i desember 2008, der fire ungdommar miste livet, skal etterforskast på nytt.

Kripos har òg snakka på nytt med ein mann som vart observert ved huset kring tidspunktet for brannen, og vitnet som såg mannen.

Det er gjort nye DNA-analyser av materiale som var samla inn den gong, gjennomgang av elektroniske og andre spor, samt rundspørjingar i nabolaget.

  • Meiner politiet har brote løfta dei gav til pårørande - les papirutgåva av Sunnmørsposten onsdag eller eavisa her
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre