Meir enn 2000 dugnadstimar ligg bak den nye aktivitetsparken i Tjørvåg. Laurdag var det feststemning då den vart opna.

Aktivitetsparken inneheld mellom anna tennisbane, ballbinge og skatepark, og vil nok verte flittig brukt av båe skuleelevar og andre.

Vidar Kalland, rektor ved Stokksund barne- og ungdomsskule, er ikkje misnøgd med å få aktivitetsparken som nabo.

- Dette vil føre til mykje aktivitet. Uteområdet på skulen har ikkje vore så veldig bra fram til no, men dette forandrar sjølvsagt på det, seier han.