Mann funnen død under traktor

Mannen som vart funnen under ein traktor i Vanylven tysdag, er erklært omkomen.
Søre

Politi, brannvesen og ambulanse rykka ut tirsdag etter at det kom melding om at ein mann var funnen under ein traktor i Vanylven. Ved 12.10-tida opplyser politiet at vedkomande er død.

– Vi fikk ei melding om ei ulukke og at en person låg fastklemt under ein traktor. Vedkomande er stadfesta omkomen av helsepersonell på staden, opplyser operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no. 

Ulukka skjedde på ein gard mellom Fiskå og Eidså. Politiet opplyser at dei pårørande til mannen er varsla.

Det skal ikkje ha vore vitne til det som skjedde. Politiet kan difor seie lite om kva som er årsaka til ulukka, eller når det skjedde. Politiet fekk melding om hendinga ved 11.35-tida.

  110-sentralen for Møre og Romsdal opplyste at brannvesenet i Vanylven rykka ut til det dei omtala som ei arbeidsulukke.

Smp.no kjem tilbake med meir