Det var ei stund etter at valdtekta skal ha skjedd, at dei to søstrene hadde ein samtale i heimen.

– Da fortalde ho at læraren valdtok ho på lærarrommet etter skuleslutt. Han fekk ho inn på rommet, og låste døra, og brukte makt for å få av ho kleda, fortalde søstera til tingretten.

Rektor på den aktuelle skulen skal ha vært til stede i skulebygget då valdtekta skjedde.

Ville ikkje vere offer

Den fornærma jenta ville ikkje at søstera skulle gå vidare med opplysningane.

– Ho ville ikkje vere eit offer, og var også redd for ikkje å bli trudd, fortalde søstera, som på tru og ære lovde å ikkje fortelje det til andre.

Jenta var 12 år da valdtekta skal ha skjedd.

Les også: Lærar tiltalt for voldtekt - meiner han har fått livet øydelagt

Kom ut

Nokre månader seinare greidde ikkje storesøstera å halde på hemmelegheitene lengre. Ho hadde da i lengre tid slitt med kvalar og sjukdom etter det ho hadde høyrt. Kontaktlæraren hennar vart informert, og etter fleire samtalar, vart foreldra til jentene varsla, og saken vart meldt til politiet.

Inga skuld

Læraren i 40-åra, som er tiltalt for valdtekta, samt seksuell trakassering av ein elev på ein annan skule, nekta for all skuld i tingretten i går.

– Eg veit ikkje kvifor dette skjer med meg, men det er ei einaste stor løgn, forklarde læraren.

Følg smp.no på Facebook.