Det er trangt om plassen når brøytebilen skal over Dragsundbrua i Herøy, og difor vert brua stengd medan kan kjem seg over. Det er det heller få øvrige bilistar som respekterer.

– Vi har store utfordringar med at skiltinga ikkje vert respektert, og at bilar køyrer sjølv om brua er stengd, seier Anne Marit Øksenvåg Johansen i Statens vegvesen.

Plogen i motsett køyrebane

Vegmyndigheitane fortel at det verken er plass eller sikt til at det er forsvarleg med trafikk i begge retningar når brøytebilen skal over.

– Plogen på brøytebilen er så stor at han kjem langt over i motsett køyrefelt på denne brua. Det er fælt at det nok må skje ei alvorleg ulukke før folk lærer, synest  driftsleiar Steinar Vestnes.

Som biletet i toppen av saka viser, køyrer bilane over trass raudt lys. Det gjeld frå begge sider av brua.

– Store bilar må ryggje, men dei mindre kan lirke seg forbi, fortel Vestnes.

Annleggsleiar hjå utførande entreprenør Mesta, Jan Øystein Håvik Olsvik, fortel at faren er størst når det kjem ei heil rekkkje med bilar.

– Når den første så kipp seg i møte med brøytebilen, bråbremsar han, og då må alle bilane bakover bremse, poengterer H. Olsvik.

Alvorleg

Vestnes presiserar at den dagen ein mindre bil køyrer inn i plogen, då er det snakk om ei alvorleg ulukke.

– Særleg småbilar vil få ein brå stopp her. Det er heilt klart trasig og utruleg tragisk. Vi er naturleg nok svært gira på å løyse dette problemet.

– Trur du bilistane er klare over at det berre er snakk om eit minutts ventetid medan brøytebilen køyrer dei 229 meterane over brua?

– Det er eit moment du nevner der. Det kan hende det ligg noko i det. Det skal eg ta vidare, seier Vestnes.

I tillegg til at breidda på vegbana over brua er avgrensa, er brua forma slik at sikten er vanskeleg frå begge sider.

– Brøytebilen ser ikke frå eine sida av brua til den andre, og det gjer heller ikkje bilistane. Det er difor vi har utstyrt brua med varsellampe og brøytebilen med kontroll til å aktivere denne, seier byggjeleiaren.

Fart er farleg

Han presiserer at dei set opp skilt for ein grunn, og fordi denne vegen er prioritert er brøytebilen mykje på vegen når forholde krev det. Det er høg fart som er farleg, for då rekk ikkje brøytebilen heve plogen og køyre ut til sida.

– Det er ganske alvorleg når brøytemannskapane må melde frå om eit slikt problem, synest Vestnes.

Entreprenøren kan bekrefte at det har vore fleire situasjonar som gjorde det naudsynt.

– Vi ville vekke folk litt ved å be vegvesenet setje opp lys. Men dei må respektere lyset og vere tålmodige, ber H. Olsvik.

Mesta sine sjåførar har meld inn ei rekkje bekymringsmeldingar.

– Det blir for dumt om vi skal få ei ulukke når det er tydelege lys som merkar stengd veg.