Dette seier Ola Einang, lærar ved natur- og kroppsøvingsseksjonen ved Høgskulen i Volda (HVO). Einang er ikkje minst kjent som klatrar og fjellmann sjølv, ein ressursperson i miljøet. Formelt er han også president i Nortind – Norske Tindeveiledere – som kvalifiserer høgfjellsførarar etter internasjonale standardar.

Kritisk

Einang er kritisk til at norske myndigheiter ikkje syner interesse for å få etablert sertifiseringsordningar for dei som tek ansvar med å føre turistar til fjells.

– Eller til fjords og langs vegar for den del. Vi snakkar om ei sterkt ekspanderande turistnæring innan naturoppleving, men utan at myndigheitene ser ut til å ville ta satsinga, mulegheitene og fallgruvene i dette feltet på alvor, konstaterer Ola Einang. Han fortel at fleire forsøk har vore gjort.

Strengt

Einang viser til at i dei andre europeiske alpelanda rår det til dels svært strenge kriterium og sertifiseringar for den som vil ta jobb med å føre grupper av turistar til opplevingsturar i naturen.

– Frankrike er vel landet som har teke dette mest på alvor. Der kan du faktisk risikere fengselsstraff viss du tek med deg folk ut i terrenget utan å ha dei kravde kvalifikasjonar på plass, opplyser Einang.

Han meiner det er på høg tid å ta problematikken med useriøse guideaktørar på alvor.

Seriøsitet

– Innanfor turistbransjen har det alt vore halde fleire seminar om temaet, og der det etter mi oppleving er stor semje om å satse på seriøsitet og utdanna folk i guidebransjen, opplyser Einang. Han understrekar at han ikkje siktar berre til dei meste spektakulære tindeturane, men kanskje i like stor grad det som går føre seg i anna lende.

– Når det gjeld klatring og ekstremturar veit dei fleste kva som må til for å ta laust.

– Men det må vere like sikkert å ferdast andre plassar i den norske naturen. Ein autorisert guide skal vite kvar ein kan ferdast utan rasfare og anna fare. Dette vil også gjelde fjordturar og kva som helst type guida ferdsel i naturen, hevdar Ola Einang.

Han meiner at først med felles autorisasjonskrav til dei som tek det store ansvaret med å leie folk ut i norsk natur, vil bransjen kunne reknast som seriøs.

Samarbeid

Dagleg leiar i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir S. Vik, seier seg svært nøgd med initiativet frå Høgskulen i Volda når det gjeld utdanning av naturguidar.

– Ja, heilt klart. Før helga hadde vi det første av fleire møte med HVO om dette temaet, som siglar opp til å bli svært viktig, understrekar Vik. Han meiner det vil vere stort behov for kvalifiserte folk som kan sikre gode naturopplevingar på eit breitt nivå.

– Dette gjeld ikkje berre sikkerheit, men også det å kunne formidle kunnskap om fauna, topografi og natur generelt.

– Det vil igjen auke opplevinga og sikre endå større ekspansjon i turismen hit til våre kantar, trur Vik.

<strong>Velkome:</strong> Dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre helsar HVO sitt utdanningsinitiativ hjarteleg velkome – og vil gå inn i eit nærare samarbeid. Arkivfoto: Roger Engvik Foto: Roger Engvik
Det norske alpelandskapet verkar som ein magnet på utlendingar som vil oppleve norske dalar og tindelandskap. Her Snøhornet i Volda. Foto: Knut Arne Aarset