Slik kan Fosnavåg bli

Tysdag var det avsluttande seminaret i byutviklingsprosjektet i Fosnavåg.

Rederiparken Slik ser Ghilardi + Hellsten Arkitekter for seg utsikta frå Fosnavåg sentrum mot Runde. Likevel har dei funne plass til 11.300 kvadratmeter næringsbygg like ved, til det dei kallar Rederiparken. 

Framtidas by
  • Fosnavåg er tatt opp som pilotprosjekt i Framtidas bygder saman med ni andre bygdebyar, m.a. Norddal, Mosjøen og Kviteseid.
  • Norske arkitekters landsforbund er med på prosjektet. Tre team skal stille ut sine idear i juni.
  • Fire tema: Areal og transport – Energi og bymiljø – Klimavennleg arkitektur – Attraktivitet
Søre

Dei tre arkitektgruppene presenterte tysdag sine forslag, på eit seminar på Thon Hotel. Du kan laste ned presentasjonane her.

Bølgjekraft

Ole Wiig frå Narud-Stokke-Wiig - last ned pdf-fil her

Ytst mot havet vil dei byggje Nyhamna, ei beskytta hamn for hurtigbåt, med innebygd bølgjekraftverk og blåskjeldyrking.

Wiig la vekt på å bevare dei gamle sjøbudene ved Vågen. Konserthuset på den eine sida og dei gamle sjøbudene på andre sida av Vågen kan ved hjelp av kabelferje knytast saman. Dei gamle sjøbudene kan definitivt brukast til noko. Dette kan bli kultur-sona i Fosnavåg, sa han.

Massedeponi

3RW og Plottaplan - last ned pdf-fil her

Dei la fram eit heilt nytt forslag til korleis deponere dei forureina massane frå mudringsprosjektet.

I Skarabakken foreslår dei å utvide vegen på begge sider, og rive bustadhus. Dei seier tydeleg at dei ikkje vil ha biltunnel.

Heile indre del av Vågen bør brukast til industriformål.

90 prosent av bygningane er allereie bygt i Fosnavåg, meiner dei.

Rederiparken

Silje Kollveit frå Ghilardi + Hellsten Arkitekter -
last ned pdf-fil her

Det er dette teamet som Hilde Remøy frå Herøy er på.

Gruppa foreslår å etablere det dei kallar Rederiparken på delar av Vågsplassen.

Dei meiner Kleivaneset bør brukast til bustadhus, og i alle fall ikkje til shoppingsenter.

Vil skyte ut ny innsegling til Vågen, og bygge bilbru frå sentrum til Vågen.

Fortetting

Dette er alle einige i:

  • Meir fortetting i Fosnavåg.
  • Mindre parkeringsplass, bruk heller eksisterande parkeringshus.
  • Ta i bruk andre sida av Vågen, og bygg kabelferje eller bru for å knytte det saman.

Følg Herøynytt på Facebook

Bakgrunn:
– Dette er Fosnavåg si sjel
Meir enn 100 på folkemøte
Tilrår deponi i Fosnavåg
Dette er grunneigarane sitt forslag