Seint måndag kom det nye monumentet laga av kunstnaren Bård Breivik på plass i Ulsteinvik sentrum, melder Vikebladet.

Det er solide dimensjonar over dei tre portalane som er reist i rundkøyringa i sørenden av Sjøgata. Kunstverket er kalla «Portalane til Ulsteinvik» og består av tre store blokkar av granitt som veg høvesvis 7,5, 11 og 15 tonn.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Opning fredag

«Nye Sjøgata» i den veksande kystbyen har også fått to andre kunstverk plassert ut i løpet av den siste tida. På fredag er det klart for offisiell opning, med kunstnarar til stades og kulturinnslag i samband med Smak av Ulstein.

Utsmykkinga er eit spleiselag mellom lokale bedrifter, medan Ulstein kommune og Quality-hotellet har lagt til rette og bidrege med grunnarbeid.

Kven som har betalt kva sum, vil ikkje initiativtakarane ut med.

Maritim kunst

Sentralt plassert framfor kulturhuset Sjøborg står «Skipsbyggjarane» laga av Kristian Blystad.

Kunstverket består av to steinskulpturar av verftsarbeidarar, som står saman med fleire meter høge stålkonstruksjonar. Kring kunstverket på kaikanten er det laga til sitteplassar i ulike material.

– «Skipsbyggarane» er ein heider til alle dei som har vore med å bygge det moderne Ulstein-samfunnet, heiter det i omtalen frå initiativtakarane.

Lengre nord i Ulsteinvik sentrum har no kunstverket «Sea Spray» laga av Kristen Kokkin fått plass med vasspegel og fontene.

Dei som har vore med på spleiselaget er:Ulstein Hotell, Island Offshore, Borgstein, Naustneset, Sparebanken Møre, Kleven Maritime, John Kleven AS, Ulsmo, Ulstein Group, Rolls-Royce Marine, Quality Hotell Ulstein, Ulmatec, Bakkely Invest, Sydvestor, Sparebanken 1 SMN, Nordea, Rome, Norwegian Hull Club, Vard, Ulstein Betongindustri og Ulstein Kommune.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Kva meiner du om kunstverka? Sei di meining i kommentarfeltet