Sjøgata innvigd

Vêret la ein ørliten dempar på festen. Men fredag vart Ulsteinvik si nye sjøside offisielt opna.
Søre

Dei skulle naturlegvis ha sperra trafikken og skore over bandet midt i sjølve gata. Men i regnet valde ordførar Jan Berset & Co ein enklare variant på plassen ved Kristian Blystad sin nye skulptur «Skipsbyggjarane».

Der kunne Ulsteinvik skulekorps spele, jentene drille, ordførarane tale og ungdomane frå skipsindustrien overlevere kvar sine skulpturar.

Trong fødsel

Sjøgateprosjektet hadde ein trong start tilbake i 2009. Men for ein gongs skuld kom det noko godt ut av forseinkinga: I mellomtida mobiliserte verftsindustrien, reiarlag og næringslivet elles. Slik vart det råd å gjere meir ut av Ulsteinvik sitt nye andlet mot sør.

No står fram området som ein vakker promenade, ikkje minst takka vere den kunstnarlege utsmykkinga. I aust vert bilistar og gåande møtt av Bård Breivik sine mektige portalar til Ulsteinvik, den høgste heile sju meter i granitt.

Kunst

Mot kulturallmenningen ved Sjøborg står Kristian Blystad sin nyaste skulptur «Skipsbyggjarane».


Ulstein sitt nye landemerke veg 33,5 tonn

Heile tre kunstverk er løpet av kort tid komne på plass i Ulsteinvik sentrum.

I vest har Rolls-Royce Marine lånt ut Kirsten Kokkin sin «Sjøsprøyt», «Båtbyggjaren» på folkemunne. Den stod tidlegare ved kontorbygget. Med den nye plasseringa kan fleire få glede av kunsten, håper Rolls-Royce.

Attåt talar og seremoniell, var det også musikalske innslag ved songarane Stine Hole Ulla og Magne Fremmerlid akkompagnert av pianist Håvard Sveås.

Hemmeleg pris

Ingen vil ut med kva utsmykkinga har kosta, men det er millionvis av kroner. Til alt hell verkar sponsorane å vere godt nøgde med investeringa si.

– Vi hadde aldri greidd dette åleine, medgjev ordførar Jan Berset i Ulstein.

– Du er Høgre-mann og ålesundar. Når hamnar kommunen på Robek-lista?

– Det skjer ikkje, farr. Vi har god kontroll på økonomien vår.