Fire unge menneske miste livet i dødsbrannen i Herøy desember 2008. Spesialeininga har hatt saka til vurdering sidan slutten av februar. Då melde dei pårørande politiet for slett arbeid med saka.

I meldinga kravde dei at det vert undersøkt om tenestefolk frå Sunnmøre politidistrikt har gjort noko straffbart i brannetterforskinga.

– Fullstendig gjennomgang

Spesialeininga er no ferdig ferdig med ei såkalla undersøking av saka. Formelt sett er det ei mindre omfattande gjennomgang, enn ei etterforsking med avhøyr.

– Undersøkinga har først og fremst bestått av ein fullstendig gjennomgang av alt som er gjort av politidistriktet i saka. På den bakgrunnen har vi vurdert om det er sannsynleg om det er gjort straffbare forhold, seier leiar Ellen Mjøs i etterforskingsavdeling Vest-Norge i Spesialeininga for politisaker til smp.no.

Etterforskingsavdelinga sendte si innstilling i saka over til hovudavdelinga på Hamar den 6. juli, men denne er ikkje offentleg. Ei avgjerd om påtale, eller ikkje er venta i løpet av få veker.

Ga opp å få svar

Dei pårørande ga i fjor opp å få eit svar om kvifor brannen starta. Samstundes har fleire hatt ein nagande uro for om brannen kunne være påsett.

Den nye etterforskinga som starta i 2013 inneheld minst 70 nye vitneavhøyr og fleire hundre dokumentsider. Etterforskingsleiar Mjøs fortel at det har vore ei omfattande sak å ta stilling til for juristen deira.

Mjøs opplyser at aktuelle paragrafer å vurdere i saka er straffelovas § 325 og 324. Dei omhandlar grov uforstand i tenesta frå offentleg tenestemann, og å la vere å utføre tenesteplikta si.

Bad om meir hjelp frå Kripos

Sunnmørsposten har tidlegere omtala korleis etterforskingsleiinga bad om massiv etterforsking, og taktisk hjelp frå Kripos få dagar etter brannen.

Dåverande lensmann Per Otto Myklebust i Herøy skal ikkje ha hatt mynde til sette inn meir mannskap på saken. Det låg til leiar for driftseininga, lensmann Odd Kulø i Ulstein.

Ingen av desse har ønskja å kommentere saka ovanfor smp.no.

Advokaten: «Svært traumatiserande»

Advokaten til dei pårørande, Odd Hovde, påpeiker at konsekvensane av politiet sitt arbeid har vore ei unødig ekstra belastning, og at særskilt opplysningane om korleis ungdomane døyde, har vore «svært traumatiserande».

I politimeldinga listar advokaten opp ei rekke punkt der han meiner politiet har svikta. Dette har no Spesialeininga sine folk teke stilling til.

Ressursbruken på saka

* Pårørande meiner politiet nedprioriterte saka for tidleg. Etterforskaren på saka bad allereie fire dagar etter brannen om hjelp, og meinte politiet stod overfor ei «stor sak med omsyn til etterforsking». Det vart beden formelt om taktisk hjelp frå Kripos fredag 19. desember. Førespurnaden vart berre svart på muntleg, men etter det smp.no kjenner til ga dei kun tilbod om ein leiande etterforskar.

* Smp.no kjenner til at det har vore frustrasjon i politiet sine rekker om ressursutnyttinga. Ingen av dei leiande tenestefolka frå den gong, har ønskja å seie noko om kor mange personar som var nytta til saka.

* Etter det smp.no kjenner til, gjekk det ikkje ut nokon generell førespurnad til alt tilgjengeleg mannskap i politidistriktet, om å stille på overtid den helga ved inngangen til julehøgtida.

Feil i etterforskinga

* På oppdrag frå dei pårørande har privatetterforskar Jens Vidar Bjørkedal funne fram til det han meiner er ei rekke svakheiter i etterforskinga.

* Fleire vitne vart ikkje avhøyrt.

* Manglande sikring av gjenstandar/bevis - og DNA-testing av desse.

* Manglande rekonstruksjon og innsamling av teledata.

* Advokat Hovde ber spesielt om at Spesialeininga avhøyrer den tidlegare lensmannen om funna hans.

Møte med dei pårørande

* Politiet skal ikkje ha informert om pårørande sin rett til bistandsadvokat. Først fire og eit halvt år etter brannen, fekk dei oppnemnt advokat i Sunnmøre tingrett.

* Politiet skal ha gitt pårørande eit usant bilde av korleis borna deira døydde - og let vere fortelje om nye opplysningar som openbart hadde stor interesse for dei etterlatne. I følgje advokaten fekk dei pårørande vete at de omkomne døyde «fredeleg» i sengene. Allereie tidlege forklaringar frå vitne fortalde om lydar og skrik frå huset etter at brannen starta.

* Etterforskinga viste at fleire av dei døde vart funnen andre stader i huset, enn først fortald. Pårørande vart merksame på dette først då dei sjølv gjekk gjennom dokumenta i saken.

* Politiet skal ha latt vere å fortelje at ein rekkje gjenstandar som høyrde dei omkomne til, vart funnen i ein bil utanfor huset. Desse gjenstandane vart dei pårørande først merksame på, då dei sjølv gjekk gjennom dokumenta i saka eitt år etter brannen.