Næringsminister Monica Mæland (H) fekk eit både luftig og fuktig møte med Sunnmørsalpane og Nordfjordfjella då ho tysdag føremiddag hadde helikopterskyss frå Ørsta Volda lufthamn Hovden til kanten av fjellet Hoven, dryge tusen meter rett opp frå Loen.

Entusiastmøte

Dei lokale entusiastane møtte ein entusiastisk næringsminister i vind- og regnbyene på den svært knappe fjellkanten ned mot bygda. Men nokon konkrete lovnader, signal eller viljeserklæringar om statleg pengestøtte eller engasjement, det fekk dei ikkje.

– Her er jo så mange gode nasjonale prosjekt. Og alle manglar pengar. Eg er svært imponert over det de alt har fått gjennomført her, sa Monica Mæland. Då hadde ho akkurat fått sjå det luftige «Via Ferrata»-prosjektet frå like luftig helikopterklatring opp fjellsida.

Nordfjordingane har med dette prosjektet alt synt sterk gjennomføringsevne og innovasjon.

Innspel

Næringsministeren med følgje kom til Loen i samband med eit innspelsmøte til den nye reiselivsmeldinga som regjeringa skal legge fram i 2016. Monica Mæland reiser no landet rundt for å få innspel til arbeidet, og er tysdag i Loen. Tema for møtet er kvalitetsmerking i reiselivet og berekraftig bruk av natur og infrastruktur. Ei rekkje lokale reiselivsaktørar er til stades på møtet.

Næringsminister Monica Mæland (H) vert informert av hotellsjef Richard Grov og ordførar Sven Flo (H) på stupkanten på Hoven. Foto: Knut Arne Aarset