- Sjå snøraset mamma!

Sonja Øye og dottera fekk brått hastverk på heimturen. Køyrde frå snøraset ved Eidsbotten.
Søre

Sonja Øye som er busett ved Bueidet i Volda er glad for at ho hadde si åtte år gamle dotter, Mathilde, i baksetet på veg heim torsdag ettermiddag. Då dei køyrde langs fylkesveg 41 forbi Eidsbotten ropte brått dottera frå baksetet.

- Sjå snøraset mamma!

Det var den såkalla Eidsfonna mellom Fyrde og Kalvatn som gjekk ved 16.30-tida.

- Først tenkte eg at det var eit lite ras, men så forstod eg at det var stort og at det kom fort, fortel Sonja til Smp.no.

Les også: To ras i Geiranger

Gassa på
Ho gassa opp det ho turde medan ho såg opp av og til på snømassene som kom nedover fjellsida mot vegen.

- Eg opplevde det som veldig skummelt og fekk ein ekkel følelse. Undervegs lurte eg på om vi kom til å kome oss forbi, eller ikkje, held ho fram.

Etterkvart såg ho at raset hadde mista fart, før det kom over vegen i fleire meters høgde. Då stoppa dei for å sjå.

- Då eg såg at raset gjekk saktare vart eg trygg, fortel ho.

Regjeringen: Fire milliarder til rassikring
Skredeksperter: - For dårlig på skredvarsling

Glad for skulefri
41-åringen er oppvaksen i Ørsta, men har budd inne i Kalvassdalen i 16 år. Ho fortel at ho ikkje har opplevd ras frå den fonna tidlegare, men at dei er meir merksame enn vanleg når dei ferdast langs vegane i desse dagar.

- Korleis taklar åtteåringen opplevinga?

- Ho er mest fascinert og nøgd med at ho oppdaga det fyrst. Då vi kom heim var ho klar på at ho sjølv måtte fortelje kva vi hadde opplevd. Også var ho vel mest oppteken av at ho fekk fri frå skulen på grunn av dette, avsluttar Sonja.

Også ved Saure rett sør for Bjørke gjekk det ras torsdag. Bebuarane må difor inntil vidare ta vegen sørover mot Nordfjordeid for å komme seg ut av området.