Pengane fossar inn

Tener millionar - med kollegaer på konkursens rand. – Vi satsa alt i dårlege tider. Difor tenar vi pengar i dag.

  Foto: Knut Arne Aarset

Billege utbyggingar er i dag tre gonger dyrare enn vår.

jan petter buset

  Foto: Knut Arne Aarset

  Foto: Knut Arne Aarset

Søre

Naboane Jan Petter, Harald og Johannes – alle med etternamnet Buset – gjer det svært godt med småkraftproduksjon på Vartdal.

Dei siste to åra har dei tent 2,5 millionar kroner før skatt på Buset Kraft – 1,5 millionar i 2008 og ein million i 2009.

Dette skjer samtidig som andre småkraftverk over heile landet slit tungt. For mange står valet om å skyte inn meir aksjekapital eller å slå seg konkurs.

Kniving

– Kvifor tener de massevis av pengar medan småkraftkollegaer risikerer konkurs?

– Vi bygde kraftverket i 2002, i ein periode då entreprenørane kniva om oppdraga. Tidene var vanskelege, og vi fekk til ei svært rimeleg utbygging, forklarer Jan Petter Buset.

Utbygginga av Buset Kraft kosta berre seks millionar kroner, og kraftverket produserer om lag seks millionar kilowatt i året.

– Altså kosta utbygginga vår ei krone per kilowatt. I dag vert ei utbygging som er to til tre gongar dyrare rekna som billeg forklarar han.

Tom lovnad

Dei som bygde ut etter Buset-naboane, trudde dessutan på regjeringa sine lovnader om tilskotsordninga «grøne sertifikat».

– Politikarane lova og laug, og mange kalkulerte inn tilskota då dei satsa. Vi gjorde aldri det. Vi bygde ut før nokon hadde høyrt om den ordninga, seier Jan Petter Buset.

Han er vaktmeister og oppsynsmann på kraftverket, som produserer 6 GWh. I meir folkeleg språk betyr det straum nok for meir enn 250 husstandar.

Kraftverket er plassert i Skorgeelva, og leverer krafta til Tussa.

– Samarbeidet med Tussa har vore glimrande, seier Buset.

Full kontroll

– Kan noko som helst gå gale for Buset Kraft no?

– Nei, no har vi full kontroll. Lånet minkar raskt, og marginane er gode, seier Jan Petter Buset.

Harald Buset fortel at straumprisen må ned på vel ein tredjedel av det han er no, før Buset Kraft sluttar å tene pengar.

Sjølvstendig

– Har de råd å gje til nye småkraftutbyggjarar?

– Ja. I den grad det er muleg, bør grunneigarane ta utbygginga sjølve. Berre slik har ein kontroll, seier Jan Petter.

Gammal pioner

Dei tre grannane var blant småkraftpionerane i området. No 86 år gamle Johannes Buset var rundt åtti då han satsa for fullt, og vart kraftpioner.

– Du er ung til sinns, Johannes?

– Ja, det må eg jo vere, når eg skal samarbeide med desse ungdommane her! Nei, for å vere alvorleg: Solid og godt granneskap utan krangling er avgjerande for at eit slikt prosjekt skal fungere, seier veteranen.