Olavsrosa til Villa Norangdal

Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke, Olavsrosa, blei fredag tildelt Iris Fivelstad og Villa Norangdal.

  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Olavsrosa
Olavsrosa er det leiande varemerket for opplevingstilbod med basis i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket er basert på fleire formelle kriterium, og blir tildelt etter søknad frå kvar enkelt. Vurderinga legg vekt på produktet sin kulturhistoriske verdi, korleis dei kulturhistoriske verdiane er ivaretatt, og korleis produktet er tilrettelagt og blir formidla til pubikum. Les meir om Olavsrosa (ekstern lenke) 111 kulturarvprodukt over heile landet er pr. april 2010 tildelt Olavsrosa. Dei utgjer eit breitt spekter av ulike opplevingar. Oversikt over innehavarar av Olavsrosa (kjelde Norsk Kulturarv)
Søre

Det var fylkesordførar Olav Bratland som delte ut Olavsrosa til det vesle hotellet på Fivelstadhaugen i Stranda kommune. Hotellet har i år 125-årsjubileum, men stod tomt frå 1965 til Iris Fivelstad berga hotellet frå forfall og nyopna hotellet i 2007.

- Resultatet her vitnar om eit stort, glødande engasjement for staden, sa Bratland då han delte ut Olavsrosa til Iris Fivelstad.

Perle
Sjølv ønskjer ho å dele utmerkinga med foreldra sine og dei som jobbar på staden. Dei er ho heilt avhengig av, sidan ho sjølv har fast jobb i marinen og er vekke over 200 døgn i året.

Norsk Kulturarv er ein landsdekkjande organisasjon som har «vern gjennom bruk» som motto.

- Det er stas å få vere med på å dele ut Olavsrosa til ei slik perle, meiner styreleiar i Norsk Kulturarv, Inger Lise Skarstein. Ho er mektig imponert over hotellet og det Fivelstad har fått til.

Heng høgt
Tidlegare fylkeskonservator i Møre og Romsdal, Jens Peter Ringstad, er leiar i fagrådet i Norsk Kulturarv. Og han fortel at det ligg ei grundig vurdering bak tildelinga av Olavsrosa.

- Olavsrosa heng høgt. Det skal vere kvalitet, og det må vere eit verdifullt kulturminne som har ei interessant historie, understreka Ringdal under tildelinga fredag.