Miste begge borna

Tonje omkom i bilulykke og Ronny i «Bourbon Dolphin»-forliset. No kjem boka der foreldra fortel si historie.

Sorga set fysiske spor i oss

Myrthel Emblem
Søre

Les stort intervju med Myrthel og Råger Emblem i papirutgåva fredag

Fredag er det ti år sidan Tonje omkom i ei trafikkulykke på Nærøya i Herøy. Broren hennar, Ronny, omkom utanfor Shetland i 2007 då «Bourbon Dolphin» gjekk rundt og sakk.

Og no kjem boka der foreldra, Myrthel og Råger Emblem, har skrive om sine tap og om store og små kampar i åra etterpå.

Mareritt

– Eg har sånne mareritt, seier Råger.

Den tidlegare maskinisten fortel om pinefulle draumar.

– Ein gong drøymde eg at to menn kom og henta meg. Dei førte meg inn i eit stort rom. Der låg ein motor sundskrudd i ein haug. Dei sa at når eg hadde skrudd den saman og fått den til å gå, så skulle eg få Ronny igjen. Eg fekk ikkje noko verktøy. Måtte skru med hendene.

Og Råger skrudde med han makta i søvne. Han skrudde så han ikkje greidde å rette ut fingrane då han vakna. Så gjekk han med dei samanknytte hendene i fjorten dagar, før det løysna.

– Sorga set fysiske spor i oss, seier Myrthel.

Signerer

Dei to sit i båten sin på ei båthamn i Herøy. Det er ein dag der stormfloda trykkjer mot land og skydekket er så lavt at himmelen omfamnar havet. På eit bord ligg ein stabel med bøker att med to tende lys.

«Da vi mistet barna, mistet vi fremtiden» er deira bok. Deira forteljing.

Boka er no til sals i lokale bokhandlar og på forlaget sin nettbutikk. Laurdag skal Myrthel signere bøker hos Eiken Libris i Ulsteinvik.

Gir vekk overskot

Einar Grimstad og Spor forlag gir ut boka. Han seier dette er ei bok med ei knallsterk historie og at det er ei bok som berører.

I tillegg går boka inn på mellom anna rednings- og bergingsaksjonen. Grimstad seier det var viktig for han å sjekke at alle opplysningar var sanne. I samband med det har han lese granskingskommisjonen sin rapport og alle vitneutsegn frå rettssaka.

– Og eg slik eg forstår det, kan eg ikkje sjå at det er noko feil i boka.

Dersom det vert overskot av boka, skal det går til arbeid for trafikk- og sjøsikkerheit.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre