Bil hamna i fjorden

Ein 17 år gamal gut slapp uskadd frå ei dramatisk utforkøyring i Stryn sundag kveld.

  Foto: Jogeir M. Agjeld

Søre

Den stryningen hadde råflaks under den dramatiske hendinga ved Halvrø langs fylkesveg 60 mellom Innvik og Utvik sundag kveld. Det var tilfeldige forbipasserande som såg at autovernet var øydelagt på ulukkesstaden.

Raskt vart det klart at ein bil hadde hamna i fjorden, og ein større redningsaksjon vart satt i gang.

Brannvesen, politi, ambulanse, samt Stryn Røde Kors, rykka ut til staden, saman med eit redningshelikopter. Hovedredningssentralen for Sør-Norge vart bedt om å bistå, og kalte ut helikopter frå Florø, som var innom Førde for å hente dykkarar. Det vart óg gjort klart båtar for å bistå i aksjonen.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 21.42.

Kom seg på land

– Då redningsmannskapa var framkomne dukka føraren av bilen opp på staden. Han hadde sjølv kome seg på land, sprunge heim og fått på seg tørt før han tok seg tilbake til staden, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Føraren av bilen, ein 17-åring, har stadfesta at han var åleine i bilen då ulukka skjedde.

Føraren har naturlig nok ikkje gyldig førarkort.

Det skal ikkje ha vore vitnar til ulukka.

Ned skråning

Årsaka til ulukka er ikkje kjent, men det er ikkje mistanke om promillekøyring.

– Det kan se ut som at bilen har kjørt mot autovernet, skrenset og tippet over, opplyser politiets innsatsleiar på staden, Geir Olsen frå Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Frå autovernet er det seks-sju meter ned til sjøen. Guten har fulgt med kjøretøyet ned i vatnet og deretter klart å ta seg ut.

Har du opplysninger, bilder eller video om denne saka? Ring 800 30 007, send SMS/MMS til 901 20 901, e-post: internett@smp.no