Vurderte å leige jord til Behring Breivik

– Han verka som ein vanleg kjekk kar som ville dyrke grønsaker og skrive bok.
Søre

Det seier Lillian Auflem Øye (26) i Barstadvika i Ørsta.

Saman med mannen Håvard Davidsen driv ho besøksgarden Erdalen, og i vår vurderte dei å leige ut ein del av garden.

– 29. mars svara eg på ein annonse på Garddsbruk.no. Anders Behring Breivik søkte etter gardsbruk der han skulle dyrke «rot- og knollvekster», fortel Auflem Øye.

Høfleg.

Ho korresponderte med Behring Breivik per mail.

– Eg prata aldri med han. Men han uttrykte seg svært høfleg, og skulle altså skrive bok og dyrke jorda. Bustaden stilte han ingen krav til, ikkje ein gong innlagt vatn trengde han, fortel Auflem Øye.

Uhyggeleg. Ho og mannen tenkte det ville vere bra for jorda om delar av innmarka i nokre sesongar vart brukt til dyrking av anna enn gras.

– Du kunne altså ha hamna i ei slags samdrift med Behring Breivik?

– Ja, det er uhyggeleg å tenkje på.

Kunstgjødsel.

Men Auflem Øye gjorde det klart at det på Erdalen gard vert drive økologisk, og at det er uaktuelt å dyrke grønsaker her med bruk av kunstgjødsel.

Då avslutta Behring Breivik dialogen.

Behring-mail.

Den 11. april mottok Lillian følgjande e-post:

«Hei, og takk for tilbakemelding. Ålesund blir for langt borte. Mvh Anders Behring Breivik».

– I ettertid skjønar eg jo at det berre var kunstgjødsel til bomba han var ute etter, seier Auflem Øye.

Fekk sjokk.

Auflem Øye og familien driv no Erdalen Gard på tredje sesongen. Dei har ein populær besøksgard der dei kvar søndag i sesongen viser fram geiter, påfuglar, kaninar, ender og lama.

– Vi har mykje mark, og kan også få oss tilleggsjord nede i bygda. Det hadde ikkje vore noko problem å skaffe nok for til dyra om vi leigde ut litt, seier ho.

Då bileta og namnet til Anders Behring Breivik blei offentleggjort etter ugjerningane 22. juli, skjøna Auflem Øye straks kven ho hadde diskutert utleige med.

– Kort tid etter terrorhandlinga kom det fram i media at han hadde søkt etter gardsbruk for nettopp å «dyrke rot- og knollvekster». Då fekk eg meg ein bra stuss med ein gong, og blei veldig prega. Eg kjende att dette utrykket, seier ho.

Kopla ikkje.

Betre blei det ikkje då det kom fram at Behring Breivik hadde brukt garden han til slutt leigde på Rena til å bearbeide kunstgjødsel til bomba han sprengde utanfor regjeringskvartalet.

– Kva om eg hadde gått inn på nettsider og sjekka opp litt rundt Breivik då vi var i dialog. Kanskje eg kunne funne ut kva han stod for, og vore smart nok til å kople dette mot kva han kunne bruke kunstgjødsel til. Då kunne eg sagt frå til nokon, seier ho.

Det var i alle fall slik Auflem Øye tenkte umiddelbart etterpå. Etter kvart har ho slått seg til ro med at ho slett ikkje har nokon grunn til å føle skuld.

– Det ville vere for mykje forlangt at eg skulle oppdaga dette, seier ho.

Politiet.

Etter terroråtaket har det også kome fram at Behring Breivik har vore i kontakt med eit ektepar på Ualand i Lund i Rogaland om å leige garden deira. Ekteparet har levert korrespondansen med massedrapsmannen til politiet.

– Vil de levere korrespondansen til politiet?

– Vi kontakta politiet kort etter at vi forstod kven vi hadde korrespondert med. Og vi tilbaud politiet å sende korrespondansen til dei, Men vi har ikkje fått svar enno. Dei har vel ei veldig omfattande papirmølle å arbeide med, seier Auflem Øye.