Riise blir ordførar i Hareid

Nok ein Høgre-politikar kaprar ordførarklubbba på Søre Sunnmøre.

  Foto: Alexander Worren

Søre

Anders Riise (H) vert ny ordførar i Hareid medan Dag Audun Eliassen frå Folkelista for Hareid vert varaordførar.

Det er klart etter forhandlingar onsdag kveld. Først ved 1-tida natt til torsdag vart partane samde.

Les også: Desse skal styre i Hareid

Frp utanfor

Det er ein brei koalisjon beståande av Høgre, Folkelista, Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti som står bak avtalen, som óg inneber semje om nokre politiske linjer.

Partia utgjer 17 av 21 representantar i kommunestyret dei neste fire åra. Berre Framstegspartiet sine fire representantar står utanfor.

Ifølgje ei pressemelding om saka var det viktigaste for partia å finne ei breiast muleg plattform for å styre den neste perioden.

Økonomi jobb nr. 1

Hareid kommune slit med å få endane til å møtast, og ifølgje Riise er det økonomi som står øvst på dagsorden.

– Her vert det knallhard jobbing frå dag ein. Økonomien på alle nivå skal gåast gjennom, seier han til smp.no.

– Kva med eigedomsskatt?

– Det står ingenting i avtalen om eigedomsskatt, og då er det fleirtal i mot dette. Verken Høgre, Frp eller Folkelista ønskjer eigedomsskatt, påpeiker Riise.

– Viktigare med skole enn ordførar

Avtalen inneber at det skal vere 1-7 klassar i Hjørungavåg og Bigset i den komande 4 års-perioda.

Samtidig skal fellesarealet ved Brandal skule bevarast for bygda. Dette har vore fanesakar for Folkelista.

– Vi har fått gjennomslag for dei viktigaste sakene våre, noko som var heilt nødvendig for å vere med på eit samarbeid. Til gjengjeld har vi gitt frå oss ordførarvervet. Vi syntest óg det var viktig å få til ei brei koalisjon, seier Eliassen som leiar den største gruppa i det nye kommunestyret.