Dødsbrann i hytte

Søre

Ein person vart funnen omkomen i eit hytte som brann i Innvik i Stryn måndag ettermiddag. Personen var måndag kveld ikkje identifisert.

Les fleire nyheiter frå Nordfjord og Søre Sunnmøre på smp.no

– Det er grunn til å tru at det er personen som disponerer hytta som er funnen død, seier operasjonsleiar Svein Rød ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.

Dei pårørande til personen er varsla.

Ikkje fare for spreiiing

Brannvesen og politi rykka ut til staden etter at brannen vart meldt klokka 14.30. Hytta som ligger ved Hildastranda var overtent, men ein halv time seinare hadde brannfolka kontroll på flammane.

Sjølve hytte fekk likevel store skader. Hytta ligg i eit bustadfelt, men det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar.

Ukjent årsak

Årsaka til brannen er ikkje kjent, og saka vert etterforska vidare av lensmannskontoret i Stryn og Hornindal.

– Krimteknikarar frå politiet vil starte undersøkingar på brannstaden tysdag.