Konteinarskip nær grunnstøyting

Søre

Redningsskøyta Simrad Buholmen måtte fredag ettermiddag rykke ut for hjelpe eit konteinarskip utan motorkraft, som var nær ved å gå på grunn i Vågsfjorden.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Ifølgje båtførar Marius Strømmen på redningsskøyta var det berre få meter om å gjere at skipet Pioneer Bay grunnstøytte, melder NRK Sogn og Fjordane.

– Då vi kom fram hadde skipet nettopp fått ankerfeste, men det gjekk sakte bakover mot eit skjer. Båten var vel ikkje meir ein 20 meter frå då vi byrja å få kontroll på situasjonen, seier Strømmen til nettstaden.

Det var ved 15-tida at Hovudredningssentralen for Sør-Norge fekk meldinga om at skipet med tolv personar om bord hadde mista motorkrafta.

Det om lag 100 meter lange skipet låg då yst i Vågsfjorden i Vågsøy, like ved Båsundskjeret. Men takka vere rask inngripen frå redningsskøyta, unngjekk skipet grunnstøytinga.

Ved 15.30-tida gjekk skipet igjen for eiga maskin og var på veg inn til hamn i Måløy.