Nei til stormturistar

Fem ungdomar ville gå over Rundefjellet og ut på fyret for å sjå på uveret den natta då stormen Berit raste. Dei fekk nei.
Søre

Det var om kvelden den dagen «Berit» for langs Nordvestlandet. Over alt langs kysten der stormen var venta var det gitt melding til folk om å halde seg inne. Men dei fem ungdomane som bur inn i fjordane, ringte og ville ha nøkkel til turisthytta på Runde fyr. Dei ville gå over fjellet om natta, ut på fyret og oppleve stormen.

– Dei fekk ikkje nøkkelen. Vi kan ikkje nekte folk å gå over fjellet, men vi sa til dei at om dei var så galne dei ville gjere det, så måtte dei informere øvrigheita om at dei gjekk og kvar dei gjekk så nokon visste dei var der.

Oddbjørg Remøy er ansvarshavande for turisthytta på Runde fye, og seier at sjølv dei som er kjende med kvar ei tue og kvar ein stein og kvar det bles mest, så hadde dei aldri hadde funne på å gå ut på fyret i det veret, sjølv ikkje på lyse dagen.

Om folk hadde kome seg i hus, så hadde det vore greit nok. Husa står.

– Men ikkje for det, det er berre eit par år sidan vinden tok ein del av taket på eine huset der ute. Takstein, taksvillane av støypejarn, trodet, alt i hop for.

Og det er ikkje berre bårene som er farlege. Stien ut er vindfull og bratt.

– Tek vinden deg, fer du utføre og då fer du langt.

Heilaggjering av ekstremver
Remøy er oppgitt over det ho kallar media si heilaggjering av ekstremver. Ho tek fram journalistar sin uvitige omgang med vind og båre for å få beste bilda og media si oppmoding om å sende inn bilde og film av uveret.

– Det er feil av media og drive på med dette at folk skal filme ekstremver og sende inn filmsnuttane.

Ho har sett nokre av desse filmane som er lagde ut på nettet og liker det ikkje.

– Det kjem ei båre, to, tre og kanskje fire, så kjem det ei forferdeleg ei. Bårene går ikkje etter oppskrift.

Oddbjørg Remøy seier ho har sett på fyllinga ved Rundebrua at det kan sjå heilt stilt ut og berre med litt småskvett, så kjem det plutseleg ei forferdeleg stor båre.

Hans Jacob Runde er oppsynsmann på Runde. Han fortel om det same. Då «Berit» var bebuda køyrde han det raskast han vann og ville heim før brua vart stengt. Det nådde han ikkje.

– Eg kom opp på brua, og vart ståande der. Det såg fint og stilt ut av og til, men så plutseleg kom der ei båre og fylte opp så det vart kvitt alt og vatn fylte vegen.

På fyllinga mellom Rundebrua og Runde er der ein murkant på om lag 60 centimeter på begge sider av vegen. Storbåra fyller heile «bassenget» som vegen og murkantane utgjer.

– Og hadde eg køyrt då, så hadde heile bilen flotna opp.

Det har skjedd før ved Rundebrua, men heldigvis utan at bilen vart skylt på sjøen.

Må vise respekt
Hans Jacob Runde har inntrykk av at folk respekterer stenginga av brua, men både han og Oddbjørg Remøy er mindre imponert over folk si respekt for ver og vind.

– Vi ser folk i fjøra, på berg og haugar som trur det er trygt, men det er det ikkje. Det kan sjå ut som det er fint, men så plutseleg kjem der ei båre som er mykje større enn hine. Ditta veit ikkje dissa som kjem inna landa, seier Runde..

At folk ikkje har respekt for vinden ser han også eksempel på, sjølv sommarstida. Folk står på kanten av Rundebranden og rir på vinden med jakka som segl over hovudet.

– Men så kan det plutseleg verte stilt, og så får ein vinden i ryggen. Ditta er ikkje noko å leike seg med. Nei, ein må ha respekt for veret.