Slik vil dei vekke interessa for realfag

Barn i Ulstein skal i sommar få leite etter stjernestøv og lære å bli glad i edderkoppar.

Eg vonar sommarskulen skal auke interessa for realfag blant born

Tore Ulstein
Søre

Målet er å auke interessa for realfag. Ulstein Group har tatt initiativ til det som vert eit pilotprosjekt i samarbeid med Forskerfabrikken. Det innovative konsernet satsar rundt 200.000 kroner i prosjektet.

– Eg har ein far som var oppteken av bedriftsutvikling. Eg var mykje på verftet. Det vekte nysgjerrigheita mi og auka interessa for realfag og forsking, seier viseadministrerande direktør Tore Ulstein i Ulstein Group.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Opplevingar

Han har lagt bak seg ein doktorgrad i marin hydrodynamikk, og leier no Ulstein Group inn i framtida.

– Eg vonar sommarskulen skal auke interessa for praktisk realfag blant born i Ulstein. Eg trur dette blir veldig kjekt, seier direktøren.

I løpet av ei veke i slutten av juni skal 25 barn av Ulstein-tilsette og som er i alderen ti til tolv år, få vere med på nye oppdagingar.

Suksess

Prosjektet er kalla «Stjernestøv, ballongrakettar og den usynlege verda». Dei blir utstyrt med mikroskop og anna utstyr som ekte forskarar treng.

– Liknande opplegg har hatt stor suksess der vi har prøvd det. Dette er oppleving, ikkje teori bak pultar, seier «fabrikksjef» Hanne Finstad.

Ho har doktorgrad i kreftforsking, men har sidan 2002 sett korleis Forskerfabrikken motiverer barn og unge til å studere realfag. I fjor deltok meir enn 3.000 born på fritidskurs i regi av Forskerfabrikken.

Satellitt på Sunnmøre

Forskerfabrikken etablerer no ein satellitt på Sunnmøre, men ein kan ha fleire kursstader. Realfagstudentar eller folk som arbeider i industrien får opplæring i å halde kurs. Dermed formidlar dei første hands kunnskap.

– Opp gjennom åra har Ulstein Group tatt initiativet til mange prosjekt og tiltak retta mot barn og unge. Mellom anna har vi i 14 år saman med Rolls-Royce, gjennomført prosjekt for alle 4.-klassingane i regionen, fortel HR-direktør Torild Bugge.

Les også: Høgskolen lokkar studentar med drapsgåte

Fleire med realfag

Ho strekar under at langsiktig rekrutteringsarbeid er avgjerande for å kunne utdanne den kompetansen ein treng for framtida.

– Igjennom opplevingar og aktivitetar ønskjer vi å skape interesse for den maritime næringa og dei spanande arbeidsplassane vi har. Vi håper at vi etter ei evaluering av piloten, kan tilby kurset til ei større gruppe, seier ho.

– Hjelper slike tiltak?

– Ja. På 1980 synte forsking at foreldre i maritim industri ikkje rådde barna sine til å gå i deira fotspor. No er haldninga annleis, og fleire søkjer realfagstudiar, seier ho.

Følg smp.no på Facebook

Forskerfabrikken kallar seg «ein sosial entreprenør i naturvitenskap», og har samarbeidd mellom anna med Oslo kommune i fleire år. Grunntanken er at naturvitenskap og teknologi bør spele ei sentral rolle i kva vi skal leve av i framtida.