Lastefartøy slept av land

Natt til laurdag blei lastefartøyet som hadde gått på grunn ved Bølandet i Herøy kommune slept av land. Ingen blei skadd i uhellet.
Søre

- Eg sat i stova då eg såg ein båt som gjekk rett inn i vika, fortel Oddvar Torvik til smp.no seint fredag kveld.

Han trudde at båten hadde planlagt eit stopp ved havneterminalen, men der stoppa den ikkje.

- Den fortsatte rett fram i eit naust. Båten står framleis på grunn nedanfor naustet, seier Torvik.

Følg smp.no på facebook

Kom seg av land

Lastefartøyet "MS Vestborg" låg natt til laurdag eit godt stykke inne i fjøra.

- Båten blei slept av land av redningsskøyta klokka 02.28. Båten gjekk til kai for eigen maskin, seier Magne Nygård laurdag morgon.

Han såg båten før den smalt i fjøra frå huset der han ferierer. Lastefartøyet la seg til kai ved hurtigrute-kaia på Torvik.

Kystvakta og redningsskøyta Halfdan Grieg var natt til laurdag på staden for å bistå.

- Ikkje forureining

Ifølgje politipatruljen på staden var det natt til laurdag ingenting som tyda på lekkasjer eller forureining frå fartøyet.

- Det blir oppretta ei sak på forholdet. Når eit fartøy endar opp på land er det jo enten ein teknisk eller menneskeleg svikt, ellers hadde båten framleis vore på sjøen, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Båten var ei sandskute som gjekk utan last då uhellet skjedde.

Mannskap på seks

Hovedredningssentralen for Sør-Norge var natt til laurdag i kontakt med mannskapet på båten.

- Det er seks personar i fartøyet. Dei seier sjølv at det ikkje er materielle skader etter grunnstøtinga, men vi har sendt fartøy dit for å sjå om dei treng hjelp til å komme seg av land, fortel Johan Mannsåker ved HRS Sør-Norge natt til laurdag.

HRS Sør-Norge fekk melding om grunnstøtinga på i Steinsvikbukta på austsida av Leinøya seint fredag kveld. Årsaken til at båten gjekk på land er enno ikkje kjend.

- Vi veit ikkje kva som har ført til grunnstøtinga. Det ser ut som båten kjørte rett på land, fortel Mannsåker.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Ingen personskade

Politiet var natt til laurdag på staden for å undersøkje.

- Det skal ikkje vere snakk om personskader på mannskapet, fortel operasjonsleiar Reite.

Politiet fekk melding om ulykka frå vitne på land som observerte grunnstøtinga.

- Politiet har vore i kontakt med mannskapet. Dete er ikkje mistanke om at båtførar har vore rusa då uhellet skjedde, seier Reite.