Jordras før tunnelfest for tusenvis

Kvivsvegen vart søndag feira med kake, korsong - og underjordisk gudsteneste.
Søre

Les meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten måndag

KVIVSVEGEN: (Smp.no): Heile dagen til ende vert det folkefest for den nye Kvivsvegen som opnar neste helg. Fleire tusen menneske har teke turen for å markere vegen som binder Sunnmøre og Nordfjord saman.

Men fleire som kom frå Hornindal-sida fekk seg over overrasking ettersom jordmassar hadde rasa ned i vegbanen frå skjeringa ved Kvivstunnelen.

Prosjektleiar Oddbjørn Pladsen fra Statens vegvesen opplyser til smp.no at jorda som er lagt over bergknabbane ikkje har satt seg skikkeleg enno. Og på grunn av store nedbørsmengder dei siste dagane, losna massane og seig ned i vegen.

Følg smp.no på Facebook

Folkevandringa inn i sjølve Kvivstunnelen var godt i gang ved 11-tida søndag føremiddag, og frå norsida blei folk møtt med korpsmusikk i opninga.

Sjå video frå Kvivstunnelen (saka held fram under)


– Vi trudde vi bygde ein tunnel, men vi bygde ein katedral, sa prosjektleiar Pladsen på lydprøva.

Nede i tunnelen vart det servert marsipankake og kaffi. Folk tok seg god tid og lenge etter at det offisielle programmet var over, myldra det framleis med folk inne i fjellet.

Reportasje og video: Kvivsvegen minutt for minutt

Heile fem kor deltok ved den underjordiske gudstenesta. Fire prester frå like mange prestegjeld deltok også, og tema for den kyrkjelege seremonien var «lys i tunnelen».

Dessutan kunne folk oppleve ei lang rekke utstillingar frå verksemder, bygdelag og andre foreiningar frå begge sider av vegsambandet.

– Dette var veldig kjekt og ei oppleving over all forventning, seier Siri Gausemel og Lars Erik Kandal, som er busett rett på sørsida av tunnelen.

Paret hadde teke turen saman med borna Tuva, Malin og Jakob - og synst det var mykje spennande å sjå.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre