– Ein spektakulær fjord

– Keisar Wilhelm II skjønte det for hundre år sidan. Merkeleg at det tok så lang tid før vi andre gjorde det.

  Foto: Svein Nordal

Mange er forundra over at det bur folk her heile året

Vebjørn Jacobsen

  Foto: Svein Nordal

  Foto: Svein Nordal

  Foto: Svein Nordal

Søre

– Keisar Wilhelm II skjønte det for hundre år sidan. Merkeleg at det tok så lang tid før vi andre gjorde det.

Det sa kaptein Arne Erntsen medan han frå brua på «MS Trollfjord» skoda ut over Norangsfjorden søndag.

– Ein spektakulær fjord, som på sikt kan stille sjølve Geirangerfjorden i skuggen, sa Erntsen.

Les også: Helste hurtigruta velkommen

Historisk

For første gong på tjue år har hurtigruta endra rute langs kysten.

Det skjedde søndag, då «Trollfjord» stemna innover Hjørundfjorden til Urke i fjordgreina Norangsfjorden. Derifrå vart turistar frå blant andre land Tyskland, Nederland, Norge og Frankrike bussa til Urasetra i den ville Norangsdalen. Deretter var det servering på spøkjelseshotellet Union Hotel Øye frå 1891, og guiding rundt i Urke, der det i dag bur berre knapt førti menneske.

Imponerte franskmenn

Blant turistane var ekteparet Blaise og Valerie Gassend (begge 33) frå Frankrike.

– Ein flott fjord, med fantastiske tindar. Og så var det artig å sjå alle flagga innover fjorden, og røyksignala langs land, sa dei to, som er i Norge for første gong.

Endeleg heime

– I England sa dei «football is coming home» då dei arrangerte EM for nokre år sidan sa Ørsta-ordførar Rune Hovde.

– No kjem hurtigruta og turistskipa «heim» til Hjørundfjorden. I gamle dagar var det massevis av turistskip i fjorden om sommaren. Det er på tide at fjorden vert gjenoppdaga no. Eg håper verkeleg at hurtigruta kjem att kvart år framover, noko som også kan gjere det muleg for dei få som er att i bygdene å få ei attåtnæring, sa Hovde.

Kaptein Erntsen kom med ei utfordring til kommunen:

– Bygg kai på Urke, så vi kan leggje til, og kanskje også ta om bord passasjerar, gods og bilar her. Potensialet er stort. I dag var det kastevindar som gjorde det litt vanskeleg å frakte passasjerane i land.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre her

Prøveprosjekt

Produktutviklingssjef Vebjørn Jacobsen fortel at haustens ruteendring er eit prøveprosjekt.

– I løpet av seinhausten skal vi evaluere det, og vurdere om Hjørundfjorden skal bli del av den faste ruta. Turistane likar å sjå ein levande fjord, og mange er forundra over at her bur folk heile året.

Bør Hjørundfjorden bli fast stopp for Hurtigruten? Sei di meining i kommentarfeltet!