Lødemel toppar høgrelista

Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Høgre har kome fram til ei stortingsliste.
Søre

Listeforslaget frå nemnda som har arbeidd med å få fram forslaget til valliste, har innstilit Bjørn Lødemel frå Honindal på førsteplass.

Honndølen Bjørn Lødemel sit i dag i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, og er inne i sin fyrste periode på tinget. Om Høgre gjer det like bra til valet hausten 2012, kan han med andre ord få sin andre periode som stortingsrepresentant.

Lødemel har før han vart valt inn på tinget ved sist val, fire periodar bak seg som ordførar i Hornindal.

- Nemnda meiner dette er ei god liste for å bidra til seier ved valet i 2013 og deretter regjeringsskifte. Ein har prøvd å få ei rimeleg fordeling når det gjeld geografi, kjøn og alder med meir, seier talsperson Onar S. Osland i ein kommentar.

Slik ser lista ut, som vart klar laurdag føremiddag:



1. Bjørn Lødemel, Hornindal

2. Bjørn Hollevik, Flora

3. Grethe Kristin Lerum, Sogndal

4. Embla Belsvik, UNGE HØGRE, Flora

5. Morten A. Hagen, Vågsøy

6. Anne Lilleaasen, Gaular

7. Harald Kvame, Naustdal

8. Vilde Tøfte Øvstetun, UNGE HØGRE, Sogndal

9. Ole Gunnar Krakhellen, Solund

10. Solbjørg Teige, SENIOR HØGRE, Vågsøy