Sjøfarar på museum

– Få får eige museum etter at dei er døde, nesten ingen medan dei er i live. Må vel berre vere Thor Heyerdahl og meg det?

  Foto: Svein Nordal

Eg har jo ikkje jobba så mykje som dei siste månadene på tjue år

Ragnar Thorseth
Søre

Det sa eventyraren Ragnar Thorseth (64) då han fredag kveld var med og opna den permanente utstillinga «Ragnar Thorseth - levd liv» på Ishavsmuseet Aarvaak på Brandal.

På 64 kvadratmeter får vi presentert Thorseth sitt liv, gjennom utstilling av gjenstandar, bilete og film som dokumenterer Thorseth sine ekspedisjonar frå han rodde til Shetland som 21-åring i 1969.

Då han kom velberga over Nordsjøen, kommenterte sjølvaste prins Philip: «You’re crazy» - noko Thorseth no kommenterer slik: «It takes a fool to know a fool….»

Følg smp.no på Facebook

Indrefileten opnar neste år

Ishavssmuseet kontakta Thorseth tidleg i vår med tanke på ei eiga Ragnar-utstilling på museet. I sommar gjekk Thorseth i gang med prosjektet, og fortel at han har fått inn to millionar frå næringslivet til utstillinga.

– Eg har jo ikkje jobba så mykje som dei siste månadene på tjue år, sier hovudpersonen.

Og dette er berre starten - 1. mai neste år opnar del to av utstillinga - og det blir sjølve indrefileten, eller sakristiet, om du vil.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

– Ut av guterommet

Trond Nordahl i Oslo-firmaet Medicine Heads har samarbeidd nært med Thorseth om utforminga av museumsavdelinga.

– Mange gutar drøymer på guterommet om store bragder og eventyr. Ragnar tok med seg guten ut av guterommet, filosoferer Nordahl.

Sjå filmopptak frå Youtube av Ragnar Thorseth som legg ut frå Måløy i 1969. Opptaket er filma av Olav Humborstad - saka held fram under videovindauget

Fylkesmann Lodve Solholm stod for snorklippinga og den offisielle opninga av «Ragnar Thorseth - levd liv».

– Hadde du liknande draumar på guterommet, Solholm?

– Hehe, nei eg var gal nok om eg ikkje skulle reise ut på slike ekspedisjonar også. Men eg hugsar at vi ei sein natt var ein gjeng som kuppa fylkestinget, og der og då kom til semje om å løyve 5000 til ein av ekspedisjonane til Thorseth, ler Solholm.

Solholm meiner at den maritime historia og kysthistoria er eit forsømt kapittel i Norge.

– Bondekulturen og andre næringshistorier har mange og store museum. Kystkulturen er forsømt, og det må vi gjere noko med, seier Solholm.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Sonen med på tur

På opninga av «Levd liv» var også Ragnar sin son Njål (37), som var med på mange ekspedisjonar, til dømes jordomsegling med Saga Siglar, overvintring på Svalbard og ekspedisjon med Gaya.

– Planlegg du liknande ekspedisjonar som han far?

– Hehe, nei, eg er nok ikkje gal nok. Eg strekkjer meg neppe lenger enn ein gutetur på nokre veker, seier Njål.