Fritidsbadet tek for alvor steget over til å bli eit regionalt tilbod og i samband med nysatsinga er det også nytt namn. Herøy fritidsbad har vorte til Sunnmørsbadet Fosnavåg.

Styreleiar Arnulf Goksøyr seier målet er byggestart 15. februar dersom kommunestyret i Herøy stadfestar det samrøystes vedtaket i formannskapet.

– Med byggestart 15. februar skal vi vere ferdige og vere klar til opning 15. desember 2014. Vi må få med oss julesesongen.

Følg smp.no på Facebook

Større

Det som då opnar er eit tre gongar større badeland enn i dag. Det noverande bassenget skal renoverast og barnebassenget og sklia heng med inn i den nye tida. Men så skal det byggjast 12,5 x 25 meters basseng med 1-, 3- og 5-meters stupetårn og eit nesten like stort familiebasseng med strand, bølgjer og straumkanal i tillegg. Og sjølvsagt sklie.

– Og den skal bli meir utfordrande enn den vi har i dag, lovar Goksøyr.

Det er også tenkt på utstyr som kan endre badeattraksjonen frå tid til annan slik som klatrevegg og trampoline i vatnet.

I tilknyting til Sunnmørsbadet vert det bygd 700 kvadratmeter som skal brukast til treningssenter og ein er no i dialog med drivarar av den delen.

Fleire

Kafeområdet vert kraftig utvida - og ikkje minst garderobeanlegget. Det blir 240 garderobeplassar. Dermed kan 400-500 personar vere inne samtidig. Dette krev også stor utviding av parkeringsplassen.

Det blir nesten 300 parkeringsplassar utanfor Sunnmørsbadet. Ein fjellknaus skal flyttast og store område rundt badet skal opparbeidast.

Det har gått lenger tid enn ein trudde å få på plass pris og papir til det nye anbodet. Ein del har vore knytt til uteområdet og ein del har handla om å justering av bygningane for å få ned prisen, men no er ein i hamn med noko ein meiner kan forsvarast. Badeanlegget vil koste om lag 150 millionar kroner. Uteområdet kostar rundt 30 millionar kroner i tillegg. Mesteparten vert betalt med RDA-midlar, men ein del kjem også frå tippemidlar, kommunalt tilskot og lån.

Utvida drift

Asplan Viak har rekna på og greia ut kostnader og besøk, og meiner det vil kome 100.000 besøkande til Sunnmørsbadet i året. Styreleiar Arnulf Goksøyr og badegeneral og styremedlem Kalle Sortehaug er sikre på at det vil dei greie trass i at det er ei dobling av tidlegare besøkstal.

– Dette er ei regional satsing. Vi har masse folk frå Stryn, Måløy og Ålesund. Ørsta og Volda nemner eg ikkje, dei er heimemarknaden vår, seier Kalle Sortehaug.

Han tek også fram at når badet er ferdig, så er Eiksundsambandet bompengefritt og at det med Kvivsvegen då er rake vegen heilt til indre Nordfjord.

Sortehaug gler seg til det nye anlegget står klart.

– Då kan vi halde ope heile dagen sjølv om det er skulebading. Vi kan ha fleire grupper parallelt og vi slepp at folk må fare heim igjen for her er så fullt.

Sortehaug gler seg også til basseng med konkurransemål og med djupne til å kunne ta dykkarsertifikat eller drive med undervassrugby.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Bulyst

Styreleiar Goksøyr trur det nye badelandet vil vere viktig for heile regionen.

– Dette vil vere med å skape bulyst.

Sjølv om det er rekna med byggestart i midten av februar, vil ein halde ope badelandet så lenge ein kan og iallfall over påske. Etter den tid vert det badetilbod på Stokksund skule.

Badegeneral og styremedlem Kalle Sortehaug og styreleiar Arnulf Goksøyr gler seg over at ei lang planleggingsperiode no er over, og at ein om sider kan starte på bygginga.
Sunnmørsbadet. Det nye badelandet vil trekkje folk frå heile regionen, og får det nye namnet Sunnmørsbadet Fosnavåg.