Ein fengslande og kjensleladd musikal basert på musikk av den verdskjente gruppa Toto, står det i reklamen.
Det er musikk, dans og drama-elevane i Volda som framfører musikalen «Kingdom of Desire», basert på songar av den millionseljande gruppa Toto, som hadde si storheitstid på 1980-talet.
Lærar, kapellmeister og keyboardist Gunnar Sigve Aurdal har skrive musikalen. Han var sjølv elev på denne linja frå 1995 til 1998.
– Handlinga går føre seg på 1980-talet og i dag. Utan å røpe for mykje får publikum oppleve ein balansegang mellom suksess og lykke. Det vert mykje kjærleikssorg, åtvarar musikalmakaren.
Sjå også: Musikalen 2013 (ekstern side)
«Kingdom of Desire» – på norsk noko i nærleiken av Kongeriket av lyst og lengsel – er den syttande musikalen Musikk, dans og drama arrangerer.
Bildeserien blir utvida