Heilt sidan 1979 har Arvid Hatledal sytt for kilometervis med skispor for turgåarane i Stryn. Han er både dagleg leiar og einaste løypekøyrar for verksemda Turløyper Stryn, og legg sjela si i å leggje til rette for at folk kan kome seg ut.

Sjå reportasjen i videovindauget over!

Merkar medvinden

Etter ein lang arbeidsdag i trakkemaskina prøver han så ofte han kan å kome seg ut i løypene sjølv.

- Det er fyrst når ein går løypene sjølv at ein kjenner korleis løypene bør vere, meiner Hatledal.

For han er det å få folk ut i skiløypene ei viktig drivkraft i jobben, og han har merka at langrenn er i vinden for tida.

- Spesielt dei siste fem åra har eg merka at det berre blir meir og meir folk på fjellet. Det tykkjer eg er svært moro å sjå, seier han.

Løyper for verdsmeistrar

På turen rundt i løypa som har fått det treffande namnet «Panoramaløypa», møter me svært fornøgde turgåarar.

Ein av dei er far til den nybaka verdsmeistaren Tarjei Bø og juniorverdsmeister Johannes Thingnes Bø. Han set stor pris på jobben Hatledal gjer.

- Han gjer ein utruleg stor jobb for distriktet og skisporten. All ære til han, seier Klemet Bø.

Far Bø kan fortelja at begge sønene brukar dei flotte løypene når dei ein sjeldan gong er heime.

- Dei tek seg nok ein tur i påska, smiler Bø.

Saka er eit samarbeid mellom smp.no og journalistutdanninga i Volda

PÅ SPORET: Arvid Hatledal har sidan 1979 lagt sjela si i å lage gode skiløyper for langrennsfolket. Foto: Nærnett