Vil sikre skikompisar

Denne boka skal hindre ulukker blant toppturfolk og frikøyrarar.

For fjellfolket Illustratør Kristian Østgaard (frå venstre), forfattar Christer Lundberg Nes og medhjelpar Kjetil Leknes lanserte bok om trygg ferdsle i vinterfjellet fredag. I bakgrunnen ser du Søre Sætretind på Standaleidet.  Foto: Knut Arne Aarset

Søre

Boka «Skikompis» vart fredag sluppe midt i smørauget i Sunnmørsalpane, på Standalhytta i Ørsta.

Under Kolåstinden og Sætretindane vart boka til Christer Lundberg Nes om snøskred og trygg ferdlse i skifjellet lansert.

I boka har han prøvd å nærme seg førebygging av snøskredulukker på ein ny måte. Tanken var å lage ei praktisk og godt illustrert bok.

Forfattaren Christer Lundberg Nes har på ein systematisk måte forklart kva og korleis ein ferdast i vinterfjellet etter terrengkvalitetar og aktivitet. Boka har difor eigne kapittel om ein held på med fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste, skriv forlaget Selja i ei pressemelding.

Nils Faarlund, som både nasjonalt og internasjonalt er anerkjend for sitt arbeid med førebygging av ulukkar, redning og verdigrunnlag i naturvennleg ferdsel har skrive forordet til boka.

Boka vert utgitt i samarbeid med friluftsrådet for Ålesund og omland.