Ferje small i kaia - igjen

Ferje krasja i ferjelem - få dager etter førre ulukke.

Sjå video frå kaia der MF Kvam krasja i ferjelemmen langfredag. Video: Erlend Vikene

Ferjelemmen vart delvis lagt på plass slik at bilane kunne køyre av ferja på Voksa etter krasjen. 

Søre

Norled-ferja Kvam small i kaia på Voksa i Sande ved 22-tida langfredag, ifølgje ein smp.no-tipsar.

Bilder frå staden ser ut til å vise betydelege skader på ferjelemmen.

Ferjemannskapet opplyser til smp.no at dei ikkje har tid til å fortelje kva som har skjedd, eller kva konsekvensar det vil få for sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy.

– Braste inn i ferjelemmen

Kari Ristesund som bur på Kvamsøya, var passasjer om bord i ferja då den skulle legge til.

– Eg satt i bilen og plutselig så var det akkurat som om ferja hella til eine sida. Først var den borti kaia og så braste den inn i sjølve ferjelemmen, fortel ho til smp.no.

Ristesund fortel at det ikkje var nokon personar som kom til skade. Ifølgje ho var det seks bilar og rundt ti passasjerar om bord.

– Det gjekk greit med oss. Eg synst først og fremst synd i mannskapet, seier ho.

Kort tid etter smp.no snakka med Ristesund fekk dei beskjed om at MF Kvam hadde fått klarsignal til å gå til Kvamsøya med dei resterande passasjerane. Vidare vart det opplyst at MF Strandebarm igjen skulle settast inn i ruta frå laurdag. 

Sjå video frå ferjekaia på Voksa til høgre for saka (trykk for fullskjerm)

«Tekniske problemer»

Klokka 23.16 vart det lagt ut informasjon på nettsidene til Norled om at sambandet var innstilt ut kvelden på grunn av «tekniske problemer». Reisande til Voksa og Kvamsøya vart oppmoda til å ta kontakt med den andre ferja, MF Austevoll.

Ifølgje ferjeselskapet vert ei reserveferje sett inn frå rutestart laurdag. Smp.no kjenner ikkje til om det er muleg å nytte ferjelemmen på Voksa til ordinær trafikk.

Nyleg uhell

I førre veke hadde ferja som til vanleg trafikkerar sambandet sør i fylket, eit uhell på Lepsøya.

Etter at MF Kvam smalt i kaia på sambandet på Nordøyane opplyste selskapet at fartøyet berre kunne ta om bord bilar i den eine enden. Årsaka til det uhellet vart ikkje umiddelbart slått fast, men omtala som «teknisk svikt».

Les også: Ferje smalt inn i kaia

Frustrerte øybuarar

Ferja har vore sakna på sambandet i Sande dei siste vekene medan den har vore på verkstad og i drift på Nordøyane. I staden har den vesle ferja MF Strandebarm trafikkert strekninga.

Les også: Flytta ferje - fekk problem
Les også: Frustrert over miniferje

Etter det smp.no forstår var langfredag første dagen MF Kvam var tilbake på ruta etter å ha vore på verkstad.

Tidlegare på kvelden låg det ute ei melding på nettsidene til Norled om at det var normal drift i sambandet frå langfredag - ei melding som vart fjerna etter uhellet på Voksa.

Smp.no fekk fredag kveld ikkje ny kontakt med ferjemannskapet, eller leiinga i selskapet som er oppført som pressekontakt.

Har du tips eller opplysningar om denne saka? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Søre