I helga har Haugsholmens vener opna alle hus, inkludert bakeriet, posten, telegrafen og den gamle butikken.
Haugsholmen i Sande kommune var eit sentrum den gong båten var transportmiddel og næringsveg. No bur det berre seks fastbuande på øya.
Sjå også: Opnar Haugsholmen til folkefest
Då dei stengde butikken rundt 1960, låste dei berre dørene, slik at varene frå den gong er det framleis, fortel Odd Kristian Dahle i Haugsholmens vener.
Laurdag var det rundt 400 besøkande. Også søndag er det open dag på holmen.
Måndag har Sunnmørsposten meir om Haugsholmendagane