– Vi hadde topp utstyr og mannskap. Men det kom til eit punkt der det var oss mot naturen. Og då hadde vi ikkje nok å stille opp med, seier Geir Olsen.

Han var innsatsleiar under leiteaksjonen etter den 12 år gamle nederlandske guten som omkom i elva Videdøla i Stryn førre veke. Aksjonen var særs komplisert på grunn av vassføringa i elva, og ulendt terreng.

– Eg er overtydd at hadde det ikkje vore for innsatsen til entreprenøren, ville vi aldri ha funne guten. Dette har vore ein liten vekkar for oss når det gjeld å tenke kreativt og hente inn ressursar utanfrå, seier Olsen.

Lommekjent

Entreprenøren det er snakk om er Lars Kveen AS. Maskinentreprenøren har mellom anna verkstad og ein stor maskinpark i Stryn, og eig i tillegg helikopterfirmaet Fjord Helikopter.

– Eg vart oppringt av politiet laurdag, med spørsmål om eg kunne komme opp og sjå på forholda. Eg bur like ved og kjenner området godt, seier Lars Helge Kveen.

Saman med Olsen og Jan-Gunnar Hole i den alpine redningsgruppa på Sunnmøre vart han einig om at det var verdt eit forsøk å senke vasstanden i elva.

– Eg visste det var mogleg om vi sperra av vatna lenger oppe i elva. Då eg ringde karane stilte dei opp på flekken, seier Kveen om maskinførarar som straks var i gang med å frakte enorme sandsekker til staden. To lastebilar med sand, ein gravemaskin og eit helikopter sette kurs for elva.

Ekstremt

– Kveen skjønte akkurat korleis dette måtte gjerast. Vi skjønte at arbeidet var i trygge hender då vi såg korleis han tok kontrollen, seier Geir Olsen i politiet.

I mellomtida nytta redningsmannskapa fleire andre søkemetodar. Redningsgruppa frå Sunnmøre hadde ein stor bil fullasta av utstyr, og fekk bruk for absolutt alt. Dei gjorde til og med søk med undervasskamera av den typen som er i bruk i ski- og ekstremsportmiljøet.

– Vassmassane var ekstreme. Søkestenger vart rivne ut av hendene våre, seier Hole.

Etter forslag frå ein røynd redningsmann gjorde dei også forsøk med å fylle ein kjeledress med avispapir, og kaste denne i stryka. Observasjonar gjorde at dei til slutt gjorde funn i ein straumsterk kulp. Då var vatnet ved sommarskisenteret heilt oppdemma, og straumen hadde roa seg noko.

Kunnskap

– Då Kveen demma opp enda eit vatn lenger nede, vart det mogleg å få henta opp guten. Eg er einig i at det var kunnskapen hans som gjorde at dette enda så godt som det kunne etter forholda, seier Hole.

Han framhevar også samarbeidet mellom alle dei involverte, frå standhaftige pilotar som ikkje ville gje opp, frivillige og redningsmenn.

– Å finne den omkomne kan bety forskjellen på 30 år med sorg og det å kunne bearbeide det raskare, seier Hole.

– Veldig sterkt

For Kveen tok ikkje innsatsen slutt laurdag. Tysdag tok han med dei etterlatne på helikoptertur. Guten sin veslebror fekk også prøve seg bak spakane på maskinparken til Kveen.

– Eg var berre glad for å kunne hjelpe, og meiner det er heilt naturleg at politiet brukar ressursane våre. Å sjå veslebroren gå herfrå med eit smil om munnen etter alt han har vore gjennom, var veldig sterkt, seier Kveen.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

<strong>Ressursar:</strong> Entreprenørfirmaet Lars Kveen AS i Stryn vart kasta inn i søket etter 12-åringen som ramla i elva Videdøla og omkom. Dei driv også helikopterfirmaet Fjord Helikopter. Her er fire av dei som bidro: F.v. Sunniva Nordberg, Lars Helge Kveen, Stein Riise og Anders Langlo Grodås. Foto: Arild Solberg
<strong>Oppdemma:</strong> Kveen flaug på plass sandsekker som vart stabla med gravemaskin. Foto: Sunnmøre alpine redningsgruppe
<strong>Straumsterk:</strong> Kulpen der den omkomne vart funnen. Foto: Sunnmøre alpine redningsgruppe