På vegne av folkeaksjonen har advokat Jørund Knardal skrive det som vert kalla ei «varselmelding om brot på regjeringsplattforma» til helseminister Bent Høie (H).

- Vi fryktar at akuttkirurgien vert ofra, skriv Knardal og viser til kutta som helseføretaket har varsla.

Fryktar neglisjering

Etter å ha lista opp fleire argument for at det framleis skal vere akuttkirurgi ved Volda sjukehus, kjem folkeaksjonen med ei oppmoding til den nye helseministeren.

- Vi fryktar at Helse Møre og Romsdal vil neglisjere og undergrave regjeringa Solberg sin regjeringsplattform, og ber helseministeren straks gjere det klart overfor helseføretaket at dette ikkje er aktuelt, skriv Knardal.

I regjeringsplattformen står det at «regjeringa vil stoppe nedleggingar av akutt- og fødetilbod som ikkje er grunngjeve med pasienttryggleik og kvalitet, før nasjonal helse- og sjukehusplan er behandla.»

Bekrefta regjeringslovnad

Helseminister Bent Høie svarte i Stortinget tysdag ettermiddag på spørsmål frå Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at regjeringspartia sin plattform gjeld, med andre ord at føde- og akkuttfunkjonar ved sjukehusa ikkje skal rokkast ved.

Sjå opptak frå Stortinget sin finansdebatt her: Høie bekreftar at plattformen gjeld (ca 42 min ut i sendinga).

- I regjeringspartia sin plattform står det at akutt- eller fødetilbudet ikkje skal leggjast ned med mindre dette er begrunna i pasientsikkerheit og kvalitet, og det har eg tenkt å følgje opp, sa helseminister Bent Høie under finansdebatten i Stortinget.

Sunnmørsposten sin leiar: Akuttfunksjonen bør skjermast

Bør akuttkirurgien i Volda flyttast til Ålesund? Sei di meining om saka i kommentarfeltet!

Advokat Jørund Knardal fryktar at regjeringsplattformen til regjeringa ikkje er nok til å stoppe Helse Møre og Romsdal.
Bent Høie. Foto: NTB scanpix