Pengeskap vert opna etter 56 år

Ingen veit kva som vil bli avdekt når pengeskapet i den gamle sorenskrivargarden i Nordfjord blir opna fredag kveld.
Søre

– Eg trur ikkje det er fullt av gull og diamantar, smiler Rune Rotevatn, som no gjenopnar den gamle sorenskrivargarden som kunst- og kulturhus. Men som gammal myntsamlar synest han det hadde vore fint om der kanskje låg ein gamal mynt.

– Og så håper eg iallfall inderleg den gamle sorenskrivaren har lagt igjen eit brev.

Eit timars jobb

Elles meiner Rotevatn der også kan ligge juridisk materiale som ein ikkje såg seg bryet med å ta med seg då ein flytta til det nye sorenskrivarkontoret.

Men ingen veit. Den næraste til å vite er Bjørn Austgulen frå Bergen Pengeskapservice. Han brukte torsdag eit par timar på å gjere seg kjent med låsen, «finne fasilitetane i låsen», som han seier.

Nøkkelen er borte vekke, men Austgulen fekk låsen opp og sjekka at dørhandtaket gjekk ned.

– Og så greidde du å ikkje kike inn i?

– Det var sjølvsagt ei freisting, og ikkje lett å stå i mot, men eg greidde det.

Tilfeldigheiter

Rune Rotevatn lurte på kva pengeskapet inneheldt då han var gutunge og foreldra dreiv huset som kunst- og kultursentrum. Men han fortel han fekk beskjed av faren at dei ikkje hadde tid til å opne skapet.

– Og slik har eg tenkt litt sjølv også no. Eg trudde det var mykje arbeid og tidkrevjande å finne folk som kunne greier å opne det.

Men så ville tilfeldigheitene det slik at han kom i kontakt med Bergen Pengeskapservice. Skapet er no låst opp, men forsegla, og forseglinga skal brytast fredag kveld klokka 19.

Då er det nok eit arrangement i den innhaldsrike jubileumsfestveka på Leikvin som vert halde i høve 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane.

Grunnlovsjubileum

Denne desembermånaden byr også på fleire jubileum, som at det er førti år sidan foreldra til Rune Rotevatn fekk løyve frå kommunestyret i Eid til å ta over sorenskrivargarden. Ein går også inn i 200-årsjubileet for grunnlova. I samband med det kjem forfattar og historikar Karsten Alnæs for å halde grunnlovsseminar. Han får følgje av jurist Eirik Holmøyvik, historikar Anders Timberlid og tidlegare ordførar i førde, Nils Gjerland, som alle deltek på kvelden for dei store tema som ytringsfridom og grunnlov – og altså pengeskapsopning.

Jubileumsfestveka held fram laurdag med nye foredrag med Alnæs og Holmøyvik, i tillegg til forfattar Einar Landmark sitt Ibsen-foredrag der han skal ta føre seg Ibsen si reise på Vestlandet.