Statens vegvesen bestemte torsdag at Hjartåbergtunnelen i Volda skal opne neste veke.

- No når tunnelen er så godt som ferdig, ville det vere synd om det skulle kome ned stein når det fer folk forbi, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen.

Tunnelen vil bli opna tidleg i neste veke, med restriksjonar. Det betyr at det blir nedsett fartsgrense, samt leiebil så lenge det er folk som arbeider i tunnelen. Leiebilen vil ifølgje Pladsen gå kontinuerleg, med ti minutt mellom kvar avgang.

Har mobildekning

Tilsvarande blei gjort på Streketunnelen, mellom Hellesylt og Stranda, før tunnelen var ferdig. Men det er enklare i Hjartåbergtunnelen. Her er brannsløkkingsapparata på plass, og det same er mobildekninga. Det som står att er installasjonar som folk flest ikkje vil merke manglar.

Tunnelen er både ferdig asfaltert og har lys.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre her

Rasa måndag

Avisa Møre skreiv torsdag at store steinar rasa ned på vegen måndag denne veka. Ein bilist har fortalt til avisa at raset ikkje hadde gått då han køyrde innover fjorden. Då han køyrde tilbake låg tre digre steinblokker i vegbana. Kvar av blokkene skal ha vore om lag ein meter høge og låg mot autovernet på utsida av vegen, ifølgje kjelda som ikkje er namngitt.

Onsdag var geolog på plass og såg på fjellsida frå helikopter, og torsdag hadde Statens vegvesen møte der dei avgjorde at tunnelen blir opna.

- Geologen greidde ikkje å registrere området som steinen losna frå, men reknar med at det var relativt høgt oppe. Rapporten konkluderer med at det er oppsprukke, laust fjell i området, men dette er ikkje noko spesielt som vi ikkje har vore klar over før, seier Steinar Vestnes i Statens vegvesen.

Vestnes kan ikkje seie kor store blokkene var, men stadfestar at det var to blokker på vegen.

Når vegvesenet no framskundar tunnelopninga, er forklaringa at ein går inn i ei årstid der ein veit det rasar. Ifølgje Vestnes er det størst risiko for nedfall om våren, med frysing, tining og regn.

Velkjend rasfare

Trafikken på strekninga auka kraftig etter opning av Kvivsvegen, som i fjor hadde 1118 bilar i døgnet.

Rasfaren i Hjartåberget er velkjend, og Hjartåbergtunnelen er også eit rassikringsprosjekt.

- Raset denne veka viser at tunnelen er nødvendig, og no vil vi ta han i bruk for å unngå ein tragedie. Steinane som rasa var så store at dette kunne gått skikkeleg ille, seier Pladsen og legg til at det ville vere frykteleg synd viss det skulle skje ei ulukke rett før opning.

Del av E39

Tunnelen skulle opne før jul, men arbeidet stoppa opp på grunn av konkurs i eit elektrofirma. Dermed blei opninga kraftig forseinka, og det siste som har vore sagt om opning er at tunnelen truleg ville opne før påske.

Hjartåbergtunnelen er vel 3,4 kilometer lang, men heile vegprosjektet omfattar til saman åtte kilometer av vegen mellom Volda og Hornindal. Etter opning vil vegen bli ein del av E39, ifølgje nettsida til vegvesenet.

Kostnaden på arbeidet er rekna til over ein halv milliard 2012-kroner.

Prosjektet omfattar også oppgradering av den 230 meter lange Årsettunnelen, samt ein kilometer med sidevegar og 600 meter gang- og sykkelveg.

Foto: Knut Arne Aarset
Steinsprang er daglegdags i Hjartåberga, som dette arkivbildet viser.