Facebook-spøk slo feil - utløyste bergingsaksjon

Ein variant av «hopp i havet»-farsotten frå Facebook gjorde at ein bergingsaksjon vart sett i verk i Herøy måndag kveld.

Både losbåt, luftambulanse, redningsskøyte og dykkarar frå Ålesund vart sett inn i søket etter den mulege personen - som viste seg å vere ei dokke. Foto: Herøynytt-tipsar 

Her frå Nerlandsøybrua i Herøy vart dokka dytta utfor - og funnen igjen eit døgn etterpå - av bergingsmannskaper. Kart: Google maps 

Søre

– Det gjekk ikkje heilt som berekna. Eg er på veg til politiet for å forklare meg no, fortalde den unge mannen som stod bak spøken til smp.no måndag kveld. 

Bakgrunnen var at han vart utfordra på Facebook til å kaste seg i sjøen. Men mannen tenkte at han skulle gjere ein vri og lure utfordraren.


- Dette er galskap

President i Norges Livredningsselskap advarer mot Facebook-farsott som herjer i Norge.

Etter det smp.no har fått opplyst, printa han ut eit stort bilde av seg sjølv, klistra det på ein pappfigur - og dytta den utfor den nær 20 meter høge brua. Det heile vart filma og lagt ut på mannens Facebook-profil, men er no sletta igjen.

– Eg skulle plukke den opp igjen, men fann den ikkje. Difor rekna eg med at den hadde sekke til botn, seier vedkommande som stod bak spøken til smp.no.

Men det hadde den altså ikkje.

Bergingsaksjon

Måndag klokka 18.44 fekk nemleg Hovedredningssentralen for Sør-Norge melding om at det var observert ein muleg person i vatnet ved Nerlandsøybrua i Herøy.

Dermed slo samtlege naudetatar alarm - og ein større aksjon vart sett i verk. Både losbåt, luftambulanse, redningsskøyte og dykkarar frå Ålesund vart sett inn i søket.

Då losbåten kom til staden kunne aksjonen blåsast av.

– Det viste seg å vere ei dokke iført kjeledress, opplyste vakthavande redningsleiar Ola Vaage ved HRS til smp.no kort tid etterpå.

–Finst det ei god forklaring på at ei dokke skal befinne seg i vatnet der?

– Nei, ikkje som vi veit om no iallfall. Det er merkeleg, sa redningsleiaren på det tidspunktet.

Kan få konsekvensar

Politiet på Sunnmøre etterlyste også tips om hendinga på twitter - og etter kort tid kom altså forklaringa på bordet.

– Kva for konsekvensar kan dette få for mannen?


Facebook-farsotten «Hopp i havet» sprer seg

Torstein Kvalsvik tok sitt hopp på 71 grader nord.

– Det vil eg ikkje spekulere i no. Det viktigaste er at han skjønar at dette ikkje er bra, og det verkar slik, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Sunnmøre politidistrikt.

– Risikerer mannen til dømes bot for å ha utløyst aksjonen?

– Vi oppretter ei sak på hendinga, og då ligg det i korta at det kan kome ein reaksjon. Men det vert opp til ein jurist å avgjere, seier han.

– Kva meiner politiet om slike påfunn?

– Eg trur alle skjønar at dette ikkje var bra. Vi bruker masse ressursar på å forsøke å redde noko som viser seg å ikkje trenge det. Når vi bruker så mykje ressursar på dette, seier det seg sjølv at det kan sette andre i fare om noko skulle oppstå ein annan stad, svarar operasjonsleiaren.