– Meininglaust å pusse opp, og så bygge nytt

Strynefjellsvegen var ein del av valet av indre trasé, seier samferdsleministeren. No vil regjeringa utbetre vegen.

Strynefjellsvegane må erstattast ein gong i framtida. No vurderer samferdsledepartementet om det skal skje raskare enn planlagt.   Foto: Knut Arne Aarset

Søre

– Strynefjellet og aust-vest-vegen var ein del av vurderinga. Heilt klart, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om kvifor regjeringa valde indre linje i Nordfjord.


Ny veg gir optimisme

Frå å vere ei borgøymd bygd, kan endeleg Kjell Rune og Lisa Marie tru på ei framtid innerst i fjorden.

Valet av indre linje gjer at Strynefjellsvegen (rv. 15) blir lettare tilgjengeleg både frå sør (Sunnfjord) og nord (Sunnmøre). Akilleshælen er tunnelane oppover mot fjellet, som ikkje held høg standard. Dei har vore utbetra dei seinare åra, men er likevel smale når to store bilar møter kvarandre.

Meiningslaust

Ifølge Solvik-Olsen kikkar departementet på moglegheita for å framskynde utbygging av nye tunnelar.


Full forvirring om E39

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen kom i skade for å forsnakke seg då E39-traseen vart diskutert på Volda ferjekai laurdag ettermiddag.

– Vi synest det er meiningslaust å bruke mykje pengar på å pusse opp tunnelar til tunnelforskriftsstandard, og så bygge nye tunnelar i løpet av same NTP-periode (Nasjonal Transportplan, red. merk.). Vi må sjå på om det er mogleg å framskynde ny tunnel så mykje at vi slepp ytterlegare oppgraderingar av eksisterande tunnelar.

Kunne unnskylde Forsvaret


Regjeringen vil kreve bombrikke i lastebiler

Utenlandske transportselskaper skal ikke lenger kunne snike seg unna norske bompenger.

– Om vi får det til eller ikkje, veit eg ikkje enno. Men då Forsvaret la ned marinebasar eitt år etter dei var pussa opp, kunne ein kanskje unnskylde dei. Ingen kunne sjå på førehand at den kalde krigen tok slutt. Men vegutbygging er føreseieleg. Her handlar det i tilfelle om dårlege prioriteringar, seier Solvik-Olsen.