– Vi gler oss til å få nye bussar med ny dekor ut på vegane. Bussane skal vere lette å kjenne att for folk i fylket, og vi håpar både utsjånaden på og komforten i bussane fell i smak. Vi har jobba med dette bussanbodet i fleire år no, og det blir difor kjekt å sjå at bussrutene startar opp, seier fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum.

Nye bussar med ny grafisk profil, universell utforming og høgste tilgjengelege standard for utslepp vert å sjå i store delar av Nordfjord frå i sommar av. Firda Billag køyrer frå 23. juni dei fylkeskommunale bussrutene i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Haldeplassopprop

I tillegg til ny utsjånad, er bussane òg nye på innsida. Alle bussane stettar dei høgste tilgjengelege standardane for utslepp. Bussane er universelt utforma, noko som betyr at dei er tilpassa alle brukarar, også funksjonshemma med rullestol.

Det vert automatisk haldeplassopprop om bord i bussane. Neste haldeplass vert kunngjort automatisk med både tekst og tale. I tillegg er bussane utrusta med teleslynge og trepunkts bilbelte på alle sitjeplassar.

– Det er gledeleg å kunne tilby reisande i Sogn og Fjordane både tryggleik, komfort og universell utforming. Vi håpar alle, både folk som bur i fylket og folk som er på besøk, finn seg vel til rette på bussane når dei skal ut på anten kortare eller lengre turar i fylket vårt, seier Veum.