Sunnmøre politidistrikt tok opp att saka i fjor vår etter kritikk frå pårørande til dei fire omkomne. Etter å ha etterforska saka i meir enn eitt år, nærmar politiet seg ein konklusjon.  Sluttstrek for etterforskinga vert truleg sett i løpet av få veker.

Følg smp.no på Facebook

Brannårsak

Smp.no får bekrefta frå fleire kjelder at etterforskinga så langt ikkje har avdekka kva som er årsaka til at det starta å brenne i huset om morgonen 14. desember 2008.

Fleire av dei pårørande føler at dei ikkje har fått eit skikkeleg svar på kva som skjedde, og har frykta at nokon sette fyr på huset.

Då politiet la vekk saka i 2009 viste dei tekniske undersøkingane at brannen starta i 2. etasje, eller ved enden av trappeløpet frå 1. etasje. Men ein sikker brannårsak vart ikkje påvist.

Kripos-avhøyr

Politiet festar no lit til at ein rekkje nye avhøyr gjort av Kripos, kan gi eit svar på kva som skjedde. Det siste avhøyret vart gjennomført for berre få veker sidan.

Det hadde vore fest i huset natta før brannen starta, og om lag 20 personar var innom huset. Politiet har snakka med fleire personar som ikkje tidlegare har vore avhøyrt, mellom anna ambulansefolk og brannmannskap.

Kripos har òg snakka på nytt både med ein mann som vart observert ved huset kring tidspunktet for brannen, og vitnet som såg mannen.

Det er gjort nye DNA-analyser av materiale som var samla inn den gong, gjennomgang av elektroniske og andre spor, samt rundspørjingar i nabolaget.

Pårørande orientert

Dei pårørande var nyleg i eit møte med bistandsadvokat Odd Harald Hovde.

– Dei pårørande fekk ein gjennomgang av hovudpunkta. Dei oppfattar etterforskinga som omfattande og god, og meiner det er mange nye opplysningar som har kome fram, seier Hovde.

Dei pårørande ønskjer ikkje å uttale seg om innhaldet, men meiner den nye etterforskinga stadfestar at det tidlegare politiarbeidet var mangelfult.

Det erkjende òg politimeister Jon Steven Hasseldal då saka vart teken opp att i fjor.

Politimeister Jon Steven Hasseldal beklaga og opna for ny etterforsking av dødsbrannen i fjor. Foto: Staale Wattø