Politiet aksjonerte nyleg mot narkotikamiljø i Måløy og Stryn. Resultatet vart eitt av dei største beslaga regionlensmann Tormod Hvattum kan hugse i si 30 år lange karriere som politi, skriv Fjordenes Tidende.

– I vår målestokk er dette eit stort beslag. Vi beslagla eit par parti på 800 gram hasj kvar, seier Hvattum til Smp.no.

Politiet aksjonerte etter at dei fekk tips frå eit anna politikammer om ein bil som var på veg til Nordfjord.

– Vi sette då i gong overvaking av strekninga, og ut ifrå opplysningar om type bil, stoppa vi bilen og aksjonerte, og fann hasj gøymd i motorrommet.

Fire personar er sikta i saka. Dei er heimehøyrande i Nordfjord, og politiet har grunn til å tru at stoffet var meint for Nordfjord-marknaden.