Alle koronatilfelle i Sula er no friskmelde

Det bekreftar kommuneoverlegen i kommunen fredag.

Kommuneoverlege i Sula, Marianne Bjerkevåg, kan fortelje at kommunen ikkje har smittetilfelle av korona.  Foto: Camilla Hjelmeseth (arkivfoto)

nyhetsstudio

Det siste positive tilfellet i kommunen vart bekrefta 12. juni. Den smitta var søsken med eit born som hadde testa positivt for korona tidlegare same veka. Som følgje av det siste smittetilfellet, vart ei barnehageavdeling, som bestod av 18 born og fire vaksne, sett i karantene.