Trafikkontroll: Køyrde 103 km/t i 80-sone

nyhetsstudio
Ragnhild Rong

Søndag hadde politiet trafikkontroll på Eiksundvegen i Hovdebygda. I laserkontrollen blei ein bilist målt til 103 kilometer i timen og totalt fekk ni bilistar forenkla førelegg. Ein person fekk også gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte og ein fekk kontrollsetel for ulovleg å ha senka bilen.