Inviterer til festspel i Geiranger

Kjem til festspel: Tine Thing Helseth blir festspelprofil i Geiranger i september.  Foto: Vidar Ruud/NTB

nyhetsstudio

Dei første festspela i Geiranger går av stabelen 16.–19. september 2021 og stjernetrompetist Tine Thing Helseth blir festspelprofil. Ho vil delta på opningskonserten fredag, på festkonsert laurdag og på eit klassisk fjordcruise på Geirangerfjorden søndag. Ho kjem til festspela med pianist Gunnar Flagstad og gitarist Jarle Storløkken, to av dei leiande musikarane i Norge innan sine sjangrar, melder arrangøren i ei pressemelding.