Vard Søviknes permitterer

nyhetsstudio

I underkant av 40 arbeidarar er for tida permitterte ved Vard Søviknes. Permitteringane ved verftet kjem i samband med at det store ekspedisjonscruisefartøyet nærmar seg ferdigstilling og levering, opplyser kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll til Bygdebladet (saka krev innlogging).