Har samla inn over 4.000 signaturar: – Overveldande

Styreleiar: Harald Nordang er styreleiar i «Haram ut av Ålesund». Dei vart registrert som organisasjon i Brønnøysundregisteret 11. mai.  Foto: Marius Simensen

nyhetsstudio

Organisasjonen «Haram ut av Ålesund» har samla inn over 4.000 signaturar dei to første vekene etter at folkeaksjonen om å reversere tvangssamanslåinga med Stor-Ålesund vart starta. Det opplyser Harald Nordang, styreleiaren i organisasjonen, i ei pressemelding torsdag.