Dømd for forbikøyring i 134 km/t

nyhetsstudio

Ein mann i 30-åra frå Ålesund er dømd for ei forbikøyring i 134 km/t på E39 i Fremmerholen. Det er 80-sone på staden. Mannen har forklart at bilane framfor han heldt lav fart i akselerasjonsfeltet og han køyrde forbi. Der stod politiet og hadde fartskontroll. No har Møre og Romsdal tingrett dømt han til 36 timar samfunnsstraff, som skal gjennomførast i løpet av 90 dagar.