«Fjell som trugar»

– Ein trussel til å leve med

– Naturens luner kan ein aldri gardere seg mot. Det uventa kan framleis skje, men det er ikkje sikkert det kjem frå Åkerneset, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda.

Trussel til å leve med - folk på Hellesylt føler seg trygge.

Vi har overvaking og god tid, det blir verre om Lidalsnipa fell ned i Ørstafjorden

Svein Sporstø
Åkerneset
  • Åkernesfjellet ligg på vestsida av Synnylvsfjorden, midt mellom Stranda og Hellesylt
  • Fjellet har ei 700 meter lang revne, 900 meter over havet
  • Revna er ca 25 meter vid på det vidaste punktetDen lause fjellblokka kan vere over 100 meter djup
  • NVE opererer med to ulike scenario; at heile blokka kjem på ein gong (54 mill. m3), eller at eit flankeskred (18 mill. m3) kjem først
  • Rørslene i fjellet varierar frå nokre få cm til 10 cm i året
  • Geologar overvakar fjellet døgnet rundt med ei mengde måleinstrument som sender data til NVE sitt senter for fjellovervaking på Stranda
  • Også fjella Hegguraksla ved Tafjord og Mannen i Rauma er overvaka av NVE
  • Når fjellsida på Åkerneset lausnar og fell i fjorden vil den skape ei enorm flodbølge som vil slå 100 m opp i fjellsida rett over fjorden
  • Hellesylt er bygda som blir hardast råka av flodbølga, med ei oppskyllingshøgde på 85 meter
  • Fjellskred skal varslast seinast 72 timar på førehand
  • Bygder langs fjordane i ti kommunar kan være i faresona (Stranda, Norddal, Stordal, Skodje, Ørskog, Sula, Ålesund, Sykkylven, Hareid og Ørsta)

Byggjeforbod: Byggjeforbodet frå 2003 la ein dempar på utviklinga på Hellesylt. Ordførar Jan Ove Tryggestad og kjøpmann Svein Sporstøl trur den nye reguleringsplanen vil føre til ny optimisme i bygda.  Foto: Nils Harald Ånstad

Historiske ras

Det har i all tid gått ras i Storfjorden, dei største vi kjenner til er:

  • Hyske, like før år 1600
  • Presthellaren i 1701
  • Skafjellet i 1731
  • Tafjordulykka i 1934
  • Kjelde: Astor Furset
pluss

Vi møter han i sentrum av Hellesylt, berre ein meter eller to over flomålet, saman med handelsmann Svein Spørstøl som kjem frå Ørsta, og som i 34 år har budd i bygda og driv kolonialbutikk i sentrum.

Svein Sporstøl føler ikkje eit skred frå Åkerneset som nokon direkte og stor trussel. Vi stiller likevel det obligatoriske spørsmålet om han søv godt om natta, og får til svar at han vaknar tidleg, men ikkje på grunn av Åkerneset.Han får stadig spørsmål frå folk om han fryktar storskredet.

Liadalsnipa

– Når eg er på besøk heime i Ørsta, kjem mange og spør om eg vågar å bu der inne. Då svarar eg at vi har god tid frå varsling til eit skred kan kome, og legg eg til at det er verre når Liadalsnipa fell ned i Ørstafjorden. Fjellpartiet er ikkje overvaka, og ifølgje segna skal Liadalsnipa ein gong ramle i sjøen, seier han og føler han då har gitt dei som spør noko å tenkje på.

God overvaking

– Overvakinga og sikringa er god. Men det er uråd å gje ein hundre prosent garanti når det gjeld naturen, seier han og legg til at det etter hans syn er for stort fokus på det verst tenkjelege scenarioet.

– Det er slett ikkje sikkert alt kjem på ein gong, seier han.Svein Sporstøl trur det verste som kan skje, er dersom det vert varsla skred som ikkje kjem.– Eit slik situasjon vil verte lammande, fryktar han.– Har trusselen frå Åkerneset hatt negative konsekvensar for omsetjinga i butikken din?

Hemma utviklinga


«Fjellet som trugar»

Lever fredfullt under farlig fjell

Faren for steinras fra fjellet Mannen styrer ikke hverdagen til familien Sogge. De stoler på geologene.

– Nei, det har eg ikkje opplevd. Men byggjeforbodet i sentrum har nok hemma utviklinga ein del, seier han.

Då nemner ordførar Jan Ove Tryggestad at det ikkje er lenge før reguleringsplanen for sentrum av Hellesylt vert godkjent.

– Det trur eg vil utløyse fleire investeringar både innan industri og turisme, i og med at byggjeforbodet vert oppheva for alt anna enn for bustader, seier han optimistisk.

– Den dagen byggjeforbodet kom i 2003, var svartaste dagen for Hellesylt. Det var då like før arbeidet med bygging av hotell kunne starte, minnest han.Tryggestad fortel at kommunen også har starta arbeid med ein reguleringsplan i sentrum av Geiranger.

– Det kan gje ny optimisme og auka investeringar også der, trur han og nemner konkret regulering av turistbusstrafikken, betre tilhøve for vanlege turistar og gangveg frå Grande til Geiranger sentrum.

Katastrofen

Ordføraren er vel vitande om at dersom 54 millionar kubikkmeter fjell ramlar frå Åkerneset, og flodbølgjer på 84 og 70 meter skyl inn over Hellesylt og Geiranger, då er den store katastrofen eit faktum. Likevel understrekar han at trusselen verken skremmer folk på Hellesylt eller i Geiranger.


«Fjellet som trugar»

– Det vanskelegaste blir å avgjere om folk får flytte heim

Politioverbetjent John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt trur vanskelegaste avgjerda vert å ta stilling til om evakuerte får flytte tilbake dersom det varsla fjellskredet ikkje kjem.

– Dette er noko folk har forsona seg med og lært seg til å leve med, seier han og legg til at slik han ser det, er Sunnylvsfjorden tryggaste fjorden på Vestlandet på grunn av overvakinga som Åknes Tafjord Beredskap IKS utfører.

– Det er faktisk ikkje flodbølgjeproblematikken som er den største utfordringa for ein distriktskommune som Stranda, men urbaniseringa og sentraliseringa i samfunnet, seier senterpartiordføraren.

Liv og helse først

Stranda-ordføraren vel å konsentrere seg om liv og helse for innbyggjarane når kommunen utarbeider ROS-analyse og er med på det viktige beredskapsarbeidet.

– Vi tenkjer ikkje så mykje på kva som vil skje etter ein eventuell skredkatastrofe. Eg tek likevel for gitt at skjer det fatale, vil storsamfunnet stille opp, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.


Fire farlege flodbølger - førebels

Storfjorden har hatt fleire katastrofale bølgjer. Alt tyder på at det vil kome fleire, seier skredhistorikar Astor Furseth.

– Ja, det er all grunn til å vere på vakt i Storfjorden. Både med tanke på tidlegare hendingar, på fjellstrukturen – og på at fjorden er djup og vil lage raske og store bølgjer, seier Furseth.

Den pensjonerte tannlegen er busett i Fjørå, mellom Valldal og Tafjord, og har i årevis forska på skred.

Fire ulykker

– Dei siste 400 åra har det gått fire store skred som har laga tsunamiar i Storfjorden. Det første var på Hyske, rett ved sidan av Geiranger. Vi veit ikkje nøyaktig årstal, men det skjedde like før år 1600.


«Fjellet som trugar»

Ikkje alt var bedre før

Kommentar

Då ramla Årsetfjellet ut og laga ei stor bølgje.

– Skadeomfanget veit vi ikkje, men ein heil gard forsvann.Neste katastrofe fann stad 15. mai 1701. Då ramla Presthellaren, rett ved Åkerneset, i sjøen.

– Heller ikkje her veit vi omfanget, bortsett frå at presteskyssen med sju personar om bord omkom. 30 år seinare, i 8. januar 1731, skjer det igjen. Då er det delar av Skafjellet på andre sida av Stranda som ramlar ut.

– Bølgene vart minst 30 meter høge og vaska med seg fleire hus, mellom anna vart kyrkja på Stranda så skadd at ho måtte rivast. I alt 17 menneske omkom.Her visste ein på førehand at sprekka utvida seg.

Furset har funne dette omtalt i ei reiseskildring som er funne i det franske statsarkivet.

Tafjord

7. april 1934 vart ein svart dag på Sunnmøre.

Då fekk vi Tafjordulykka. 40 menneske mista livet då ei 63 meter høg flodbølgje knuste alt på sin veg. Alle dei som omkom budde i Fjørå og i Tafjord. 70–80 hus vart øydelagde. Det vart også båtar og vegar. Mange husdyr gjekk med.


«Fjellet som trugar»

Olina opplevde flodbølga i Tafjorden

Katastrofefilmen «Bølgen» har snart premiere. Den treng ikkje Olina Bjørlykke (101) sjå. For ho har sett ei katastrofebølge herje.

– Denne gongen var det Langhammaren som ramla i sjøen og laga ei flodbølgje – ein tsunami, seier Astor Furseth.

– Dette var ei varsla ulykke. Dei visste allereie 60 år før at fjellet røyrde på seg, at ei sprekke utvida seg. Hausten før raset fortalde seterjenter at dei ikkje lenger klarte å kome seg over, sprekken i fjellet var blitt for stor.

Furseth fortel at månaden før raset kom tok det til å gå småskred, og folket i Fjørå sa at no trur dei Langhammaren kjem.

– Dei siste dagane før dette skjedde kunne folk høyre dumpe smell i oppe i fjellet.

– Evakuerte dei ikkje?

– Nei, dei visste jo ikkje kor stort dette ville bli. Men dei lét vere å fiske rett under Langhammaren, og at dei drog båtane sine lenger opp på land.Lokalbefolkninga ante rett og slett ikkje konsekvensane, at bølgja skulle bli 63 meter høg.

Astor Furseth trur det kjem eit nytt skred i Storfjorden, at Åkerneset kjem til å ramle ut – og det truleg innan 50 år. Sine kunnskapar om skred vil Furseth dele med andre når han held føredrag på den store skredkonferansen som blir arrangert i Geiranger i dag og i morgon.


«Fjellet som trugar»

På ustø grunn

Her er Per Åkernes attende på fjellet han har frykta i over 30 år.

Kanskje rekk han her også å fortelje om eit gigantisk undersjøisk skred på Storegga ute i Nordsjøen for over 8.000 år sidan. Då sklei eit fjellparti på storleik med Hordaland ut og laga ein tsunami som sende 30–40 meter høge bølgjer inn i fjordane våre. Det er spor etter dette på havbotnen.

Loen

Nordfjord har også fått sin del av ras og flodbølgjer:

– Dette var ved Loenvatnet, først i 1905 og så i 1935, om lag på same stad begge gonger. I 1905 omkom 40 menneske, i 1936 var det hele heile 74 døde. Då opplevde ein også den største flodbølgja i Norge. Ho var 74,2 meter høg, fortel Furseth.