Ville ikkje bli heidra i Volda:

Overlege avslo eigen avskjedsmiddag

Medan helsetoppane sat i avskjedsmiddag i etasjen under, jobba hovudpersonen ufortrødent med sine pasientar. – Eg protesterer!

protest: Overlege Inge Eskeland i fakkeltog for sjukehuset i Volda. I går vart det arrangert middag og gåveutdeling i etasjen under for tilsette i lang og tru tenesete, men Eskeland åt matpakken på kontoret sitt. – Dette er min personlege protest – mot det vanstyret og nedbygginga som no er på gang. Eg greier meg fint med vanleg niste – og utan ein krystallvase frå helseføretaket, forsikrar den populære sjukehuslegen. 

pluss

Overlege Inge Eskeland (68) i Volda er så opprørt over forslaget om nedlegging av akuttkirurgien ved Volda sjukehus at han nektar å la seg heidre som pensjonist. Han skulle få både ein fin middag og krystallvase i kantina ved Volda sjukehus tysdag ettermiddag. Men den populære overlegen valde i staden å jobbe full dag med sine pasientar – i etasjen over.